Ørnulf Opdahl blir festspelutstillar
Dei nynorske festspela har hanka tak i kunstnaren Ørnulf Opdahl.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Opdahl blir festspelutstillar
Ålesundaren skal vere festspelutstillar under Dei nynorske festspela 26.– 29. juni 2014, som blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda.
LES OGSÅ: Agnes Ravatn vert festspeldiktar
Vestlandskunstnar
Ørnulf Opdahl er kjend for tolkingane sine av den mektige, vestlandske naturen og har i alle år hatt eit tett utstillingsprogram i inn- og utland. I dag er han representert i ei rekkje norske museum og samlingar, mellom andre Nasjonalmuseet for kunst, Bergen Kunstmuseum, Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst og Stenersenmuseet. I 2006 blei Opdahl også innkjøpt av British Museum.