Fleire vil ha Arnstad som Senterparti-leiar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire vil ha Arnstad

17 prosent held ein knapp på første nestleiar i partiet, Ola Borten Moe, medan 10 prosent slår eit slag for andre nestleiar Trygve Slagsvold Vedum.

Internt i partiet skal det ifølgje avisa vere Vedum som er den som jamt over er føretrekt dersom Arnstad ikkje skulle stille som leiar. Arnstad har massiv støtte internt i partiet dersom ho skulle takke ja til å overta etter Liv Signe Navarsete, skriv avisa. Arnstad ønskjer ikkje å kommentere saka.

Målinga avslører også at folk er usikre på kva slags leiarval Senterpartiet bør ta. 27 prosent svarer at dei ikkje veit kven som bør bli partileiar.

– Politikk viktigare
Valforskar Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo meiner at leiarvalet i Senterpartiet er av mindre betydning. Det mest interessante er å sjå om kravet om å endre politisk retning blir sterkare, seier han til Nationen.

– Partileiaren betyr sjølvsagt noe, men det er ikkje leiaren som får folk til å flokke seg rundt eit parti. Det er først og fremst politikken, påpeiker Aardal.

– Størst talent
Han meiner det ikkje er stor politisk forskjell på Vedum eller Arnstad, og viser til at ingen av dei har uttrykt ønske om at partiet skal gå i ein ny politisk retning. Det har derimot Borten Moe gjort ved å seie at Sp bør lausrive seg litt frå Ap og SV og heller knytte sterkare band til sentrum.

Aardal får støtte frå professor Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen. Han har derimot mest tru på Vedum som ny partileiar, men personleg ville han ha gått for Borten Moe.

– Eg ville valt Borten Moe fordi han er tøff nok til å endre partiet, sjølv der risikoen er avskaling. Han er også den mest kraftfulle og truleg det største politiske talentet Sp har, seier Aarebrot. (©NPK)