Vil gi dei unge meir makt
Unge Venstre kjempar vidare for å gi 16-åringar stemmerett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi i Venstre ønsker ei utviding av demokratiet og vil at personar frå 16 år skal få stemmerett. Mange i denne alderen flyttar heimefrå og må forhalde seg til norske lovar og reglar. Det er derfor naturleg at desse skal få lov til å vere med å påverke kven som utformar desse reglane, argumenterer leiar i Rogaland Unge Venstre, Eirik Tangeraas Lygre.
Ved kommunestyrevalet i 2011 blei det gjennomført forsøk med nedsett stemmerettsalder til 16 år. Dette blei gjennomført i 20 kommunar, i tillegg til Longyearbyen lokalstyre. Omlag 9 300 norske 16- og 17-åringar fekk med det høve til å vere med å avgjere kva politikarar som skal styre i deira lokalsamfunn. Etter å ha evaluert forsøket offentleggjorde Institutt for samfunnsforskning og Rokkansenteret nyleg ein rapport.
Leiaren i Rogaland Unge Venstre er overbevist om at redusert stemmerettsalder ville ha vore positivt i Sauda. Han peikar på at auka påverknad ville ha bidratt til at ungdommane ville fått opp augo for fleire ting enn eksemplevis Ungdomskafeen si framtid.