SMSar påverkar ganglaget vårt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SMSar aukar risikoen

Forskarane lèt eit utval menneske gå langs ein 8,5 meter lang rett strek, først medan dei skreiv ein SMS, deretter medan dei las ein og til slutt utan mobil i handa.

Det å skriva SMS påverkar ganglaget aller mest og fører til at vi går saktare, at vi vinglar meir og at risikoen for kollisjon med andre personar, lyktestolpar, reklameskilt og andre gjenstandar aukar.

Personar som skriv SMS medan dei går, rører også meir på hovudet, noko som kan påverka balansen, viser undersøkinga som er attgjeven i tidsskriftet PLOS One.

Konklusjonen til forskarane er difor at folk som skriv SMS medan dei går, kan vera ein tryggingsrisiko både for seg sjølve og andre. (©NPK)