Sjå musikkvideoen til Jon Olav!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sandal går på musikklinja på Volda vidaregåande skule. Han har hatt musikk som hobby i mange år, og har laga mange eigne songar. For tre år sidan gjekk han vidare til landsmønstringa i Ungdomens Kulturmønstring.

Nyleg fekk han førespurnad frå ei gruppe studentar på høgskulen som ville lage ein musikkvideo til Sandal som praksis. Det takka han ja til. Videoen vart filma i Ulsteinvik og på Rokken i Volda, medan lyden vart teken opp i Audiofarm-studioet til Svein Erik Åmås i Åmdalen, saman med Anders Boska.

– Ein må prøve å gjere litt ut av det når ein først lagar video, seier Sandal, som har fleire songar på lista over gjeremål.

– Eg lagar ein del musikk, og har ein del nytt stoff på veg. Det vert ikkje plate, men eg skal gje ut ein liten EP som skal sendast forskjellige plassar. Eg håper å få laga ei plate ein dag, men det vert nok ikkje med det første, seier Sandal.

Les saka i Møre-Nytt!