Indre uro

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Indre uro

Det er ikkje det altså. Eg følgjer lover og reglar med glede og entusiasme. (Unntatt den eine gongen i ungdommen då eg stal eit vegskilt på veg heim frå byen. Men dette har vi snakka om før. Skiltet låg og slang i ein park. Så då eg tok det med meg heim, så var det ikkje tjuveri, det var opprydding. Dessutan blei saka henlagt. Nok om det.) Og eg synest det er ein bra idé å følgje lover og reglar, sjølv om ein er ueinig i nokre av dei. Og om eg kjenner skikkelig godt etter, så har eg til og med ein viss respekt for alle som har til å jobb å forstå, tolke, sette ut i livet og handheve det som blir vedtatt av politikarane vi har valt. Det kan ikkje vere enkelt.

Men likevel, det må innrømmast: Av og til hadde det vore kjekt med eit lite unntak. Det finst ting det hadde vore greitt å sleppe. Så kva er det eigentlig som skal til?

Denne vekas forslag om reservasjonsrett (eller reservasjonsmuligheit, som det no heiter) for fastlegar gir oss nokre hint om kva som skal til.

I forslaget frå helsedepartementet står det at fastlegar kan reservere seg av «samvittighetsgrunner». Eg liker mangfold, så eg har slått opp i både bokmålsordboka og nynorskordboka, på «samvittighet» og «samvit».

I bokmålsordboka står det at samvittighet er ein «indre følelse av hva som er rett eller urett.» Ein indre følelse, altså. Eg er litt usikker på kva ein ytre følelse er, men eg trur eg forstår kva dei meiner.

I nynorskordboka står det naturligvis litt meir. Nynorskfolk har aldri vore veldig gode til å fatte seg i kortheit. Der er definisjonen: «Medvit om kva som er rett eller urett, kva ein bør gjere eller ikkje gjere.»

Ok. Det handlar om kva du synest ein bør eller ikkje bør gjere. Det handlar, for å seie det på ein annan måte, om kva du meiner om ting. For å ta litt i, og eg trur det kan vere dette som ligg i uttrykket «indre følelse», så handlar det om kva du verkelig meiner om ting.

Dessutan er ordet «alvorlig» brukt i forslaget frå departementet, så la oss ta i endå meir og slå fast at dette handlar om kva du verkelig verkelig meiner om ting, viss du kjenner skikkelig godt etter.

Men det er jo heller ikkje nok. Vanligvis. Det er for eksempel liten tvil om at den eldre nordnorske herren som denne veka blei dømt for å vere ute i båt utan redningsvest, verkelig verkelig meiner at den regelen er feil. Og han har kjent skikkelig godt etter. Han meiner ikkje berre at regelen er feil, han har etter alt å dømme både ein idre og ein ytre følelse av at regelen er heilt idiotisk. Eller som han sjølv ville sagt det: Faen steike inn i helvete idiotisk. Det er derfor journalistar synest det er så artig å intervjue han.

Så det er heller ikkje nok å verkelig verkelig meine noko, viss du kjenner skikkelig godt etter.

Så kva meir? I forslaget er det også presisert at det skal vere viktig. Liv og død er nemnt.

Ok. Så viss du kjenner skikkelig godt etter, og verkelig verkelig meiner noko om noko verkelig verkelig viktig, då kan du kanskje reservere deg.

Men det er ikkje så enkelt heller. For viss du for eksempel representerer partiet Høgre på Stortinget, og verkelig verkelig meiner at reservasjonsmuligheit for fastlegar er feil og at dette er veldig veldig viktig, så må du likevel stemme for. Eller, du  vel ikkje. Du stemmer vel som du vil på Stortinget. Men populært blir det ikkje å stemme mot.

Så kva er det så som skil legane som argumenterer for reservasjonsmuligheit frå for eksempel den eldre nordnorske herren utan flytevest? Den mest openbare forskjellen er at legane bannar mykje mindre. Og det ligg nok noko der. Kanskje det er dette som er den indre følelsen. Det hjelp å vere religiøs om du vil ha unntak.

Men det er ikkje nok, det heller. For viss du for eksempel representerer partiet Høgre på Stortinget, og verkelig verkelig meiner at reservasjonsmuligheit for fastlegar er feil, og du til og med er religiøs, så hjelp ikkje det dersom partiet ditt har inngått ein avtale med eit anna parti som verkelig verkelig meiner noko anna, der heile partiet er religiøst.

Dette er ikkje lett.

Inntil vidare lar eg vere å tenke på det, og held fram med å gjere som eg får beskjed om. Til og med viss eg skulle sjå eit skilt som ligg og sleng i ein park.