Folkehøgskulane har fått augo opp for dataspel. Frå hausten av startar dei første e-sport-linjene der elevane skal verte betre i lagspel.

mm
Faktaboks

Desse folkehøgskulane har dataspellinjer:

Lundheim FHS– E-sport

Sunnhordaland FHS– Spilldesign

Bjerkely FHS– Spilldesign

Namdals FHS– Spillutvikling

Buskerud FHS – Spillakademiet (E-sport og Creative Gaming)

Kjelde: Folkehogskole.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Tidlegare har ikkje folkehøgskulane vore villige til å ta i dette, men spel treng ikkje vere negativt. E-sport er ikkje ulikt fotball eller sjakk, seier fagansvarleg ved e-sport-linja på Lundheim folkehøgskule Kristian Digre.

Til hausten tek han imot sitt første kull på 16 gamarar.

LES OGSÅ: – Krigsbrotsverk i dataspel bør straffast

Speledraum
Då folkehøgskulane i Noreg inviterte elevane sjølv til å lage si draumelinje kom det inn klart flest forslag om e-sport, Laiv og andre speleretta linjer. Det var ingen tvil om at det var ein etterspurnad etter dataspel på timeplanen.

Speldesign ved Sunnhordland folkehøgskule har til no vore det einaste tilbodet til elevar som vil fordjupe seg i dataspelverda. Til hausten får dei selskap av folkehøgskulane Lundheim, Bjerkely, Namdals og Buskerud.

Fleire av desse tilbyr speldesign, men på Lundheim og Spillakademiet ved Buskerud folkehøgskule tek dei sjølve spelinga på alvor. 1. februar går søknadsfristen ut til dei to første e-sport-linjene på norske folkehøgskular.

LES OGSÅ: – Dataspel reddar ungdommen

Stor interesse
Folkehøgskulane i Noreg har hatt ein jamn oppgang i søkjarar og elevar dei seinare åra, men i fjor var det åtte prosent færre som takka ja til eit folkehøgskuleår.

Søkjartala for i år er enda ikkje klare, men dei fagansvarlege ved skulane kan fortelje om stor interesse for dataspellinjene. I Buskerud har dei fått in over 60 søknadar til dei mellom 16 og 18 plassane på dei nye linjene e-sport og creative gaming. Det er fleire enn dei andre linjene på skulen til saman, og gledelege nyheiter for ein skule som har slitt med søkjartala.

Dei har attpåtil fått inn ei handfull gode søknadar frå jenter, noko fagansvarleg Olav Helland gler seg over.

26 år gamle Helland gjekk sjølv på ei datalinje på Voss folkehøgskule for nokre år tilbake. Der spelte dei fleste av elevane på fritida. Han har seinare hatt eit ynskje om å jobbe på folkehøgskule med spel.

Istadenfor å sitje å vente på ei stillingsannonse tok han kontakt med ei handfull skular for å pitche ideen. Fleire skular viste interesse. Men valet falt på Buskerud, som ville tenkje nytt.

Både Lundheim og Buskerud vil tilpasse linja og spelprioriteringane etter elevane som kjem. Men allereie no ser Helland at mange av søkjarane speler League of Legends (LoL).

LES OGSÅ: Spelejenter i sommarsol

– Stor sport

For dei som ikkje har fått det med seg: E-sport er stort. League of Legends har over 50 millionar aktive spelarar på verdsbasis. Spesielt dei to-tre siste åra har sporten vakse enormt. Det finnast eigne tv-kanalar for det på nett, og i Sør-Korea har dei ein fysisk tv-kanal via til dataspel. No er mange av spelarane nådd folkehøgskulealder.

– Me kan ikkje lære dei å verte gode spelarar, men ved å leggje forholda til rette for at dei kan nytte eitt år av livet sitt til å satse på dette har dei eit godt grunnlag for å hevde seg mellom Noregs beste, men òg internasjonalt, seier Helland, som har ein bachelor i interaktive medier.

LES OGSÅ: Bruker meir tid på skule og dataspel

– Naiv haldning
Lærar Digre er klar på at han vil vere langt frå den beste spelaren i klasserommet, sjølv om han har fire og eit halvt år med World of Warcraft (WoW) på samvitet.

Men for læraren er det viktig at det ikkje vert berre gaming. Sjølv om han trekk fram positive eigenskapar ved spel, som at ein lærar å tenkje analytisk og raskt, lærer lagspel og sosiale reglar og normer, er det ikkje udelt positivt. 18 timar i strekk framfor ein skjerm er ikkje bra, litt fysisk aktivitet må til.

– Har dataspel eit ufortent dårleg rykte?

– Både ja og nei. Eg vert provosert over at kvar gong noko dramatisk skjer trekk nokon fram at dei spelte dataspel, framfor å sjå på andre faktorar. Det er ei naiv haldning å tru at dataspel får folk til å ta med våpen på skulen, seier Digre, som trur at dei største kritikarane har lite erfaring med dataspel.

LES OGSÅ: Valdelege dataspel går fri

Sosialt læreår for livet
Folkehøgskule vert ofte omtala som “eit år for livet”. Det er ikkje det faglege, men det sosiale som er hovudgevinsten. Ungdommar som er usikre på om folkehøgskule er noko for dei, står ni månader seinare og gret på dressen sin. Dette har folkehøgskule Digre vore vitne til.

– Eg trur openbart linja vil vere bra for dei som sit åleine på eit rom og speler, men det er ikkje berre for dei. Det er for dei som likar å spele og vil utvikle seg som lagspelar og konkurrere.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE