Hotelldirektør med lynkarriere

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein blir ofte møtt med skepsis når ein er så ung. Men alder er ingen hindring, eg ser heller på det som ein fordel. Då er ein klar for å arbeide knallhardt, gjere det vesle ekstra, ein er svolten og gjerne positiv, slår Pedersen fast.

Sjølv har ho hatt ein lynkarriere i hotellbransjen dei siste åra. Ho har jobba i bransjen dei siste sju åra, dei siste fem åra på leiarnivå. I dag er ho direktør ved Thon Hotel Lillestrøm.

– Eg hadde eit veldig sterkt mål om å jobbe i hotellbransjen. Då eg starta på bachelor-utdanninga mi, gjekk eg frå hotelldør til hotelldør med CV og søknad i handa, eg ville ha praksiserfaring og ikkje berre teori. Eg var innom om lag 30 hotell i Oslo på eit par veker, og nokon gav meg sjansen og stillingar som igjen har gitt meg viktig erfaring, seier den unge direktøren som ikkje er i tvil om at det er viktig å vere litt sta. Kunsten er å ikkje gi opp for lett.

– Eg utfordrar meg sjølv heile tida, og prøver å utvikle meg.

LES OGSÅ: Hotell i særklasse 

Tar tøffe avgjersler
– Kvifor hotellbransjen?

– Hotellnæringa er ein spanande bransje med mange moglegheiter. Samspelet mellom gjester, kollegar, hektiske kvardagar, utventa situasjonar og utfordringar er noko av det som tiltaler meg. Ein må vere løysingsorientert, på hogget og ikkje minst ha service i hjartet – og i fingertuppane.

Pedersen meiner fokuset på personleg service og særpreg på hotellet er viktig, gjestene skal føle dei er unike.

– Kva inspirerer deg?

– Engasjerte og positive menneske. Nokon som brenn for eit arbeid, ein idrett eller ein hobby. Dei som har guts og vilje til å stå på for det dei trur på. Ein skal vere nyfiken, våge å spørje og ha både energi og motivasjon til å gjere det.

– Kva er dei største utfordringane?

– Arbeidet er veldig ”hands on” – noko som eg trives utruleg godt med. Ein må posisjonere tida og kvardagen godt for å få til alt. Du må ta tøffe avgjersler, og heile tida kjempe om å få tak i dei beste hovuda. Heile tida må du tenkje nytt for å posisjonere hotellet på ein god måte. 
Den unge direktøren trur og håpar sjølv ho er inkluderande, positiv, engasjert og synleg som leiar.

– Eg ynskjer å vere ein støttespelar, sparring-partner og inspirator. Det er viktig å vere med på det meste, om det er å re senger, sjekke inn gjester eller å steike egg. Det er viktig at alle medarbeidarane drar i same retning, me må gjere kvarandre betre.

– Alle i bedrifta likar å bli sett, høyrt og tatt på alvor. At tilsette er nysgjerrige og utålmodige, og at dei vil ha eit ord med i laget. Ein må hugse på å inkludere og engasjere heile teamet, og ikkje berre strukturere og informere.

LES OGSÅ: Mild galskap på høgfjellet 

Vil inspirere unge
– Kva drøymer du om vidare?

– Større hotell, fleire utfordringar. Målet mitt er å utvikle og setje saman eit verkeleg godt team av dedikerte kollegaer, som saman skaper Noregs beste hotell. Eg håpar og eg kan inspirere og bidra til at fleire unge vågar å satse i næringslivet.

– Kven er førebiletet?

– Eg har fleire personar som eg ser opp til, beundrar og som motiverer meg. Min tidlegare sjef Gro Lillan Larsen som trudde på meg og som gav meg sjansen. Ho er ein leiar som inspirerer, som lét meg vekse og viste meg tillit. Og foreldra mine som alltid er positive og støttar opp. Heilt sidan barndommen har dei fått oss til å tru på oss sjølve, stilt kritiske spørsmål, og delt erfaringar slik at me har blitt arbeidssame menneske med eit smil om munnen.

– Kva betyr forventningane folk rundt oss har?

– Me lever i et forventningssamfunn; frå familie, venner, kollegaer, sjefen og media. Det er viktig både å ha forventningar og å vite at menneske rundt deg har forventningar til deg. Hugs også å vere kritisk, still spørsmål, ver engasjert, positiv, og ta ikkje alt for god fisk.