– Eg trur at om kyrkja skal vere levedyktig og ha oppslutnad og legitimitet blant folket i framtida, må ho vere progressiv.

Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt
Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) reagerer på at fleire prestar har meldt seg ut av Presteforeininga, og at Møre-biskop Ingeborg Midttømme vurderer å gå av fordi det vert vurdert å akseptere ekteskap blant homofile i kyrkja.

Bjørdal stiller spørsmål ved aksjonsformen, og etterlyser ei meir liberal haldning til det som står i Bibelen.

– Biskopen går veldig hardt ut og seier at dersom kyrkja går inn for dette, vil ho vurdere å trekkje seg. Eg har ikkje fått så mange gode argument om kvifor. Difor har eg gått så hardt ut at eg kallar det eit litt fundamentalistisk syn. Eg trur at om kyrkja skal vere levedyktig i framtida, og ha oppslutnad og legitimitet blant folket, må ho vere progressiv, seier Bjørdal.

LES OGSÅ:Forbyr omvending av homofile

Respons
Onsdag kveld posta han eit innlegg om dette på Facebookprofilen sin. Han fekk straks reaksjonar frå begge leirar.

– På Facebook får ein mykje kritikk når ein pirkar borti slikt. Blant anna er det ein del argument om at det står i Bibelen at ekteskap skal vere mellom mor og far, at slik skal det vere, og at kyrkja ikkje kan gå i mot det. Vidare at likekjønna vigsel i kyrkja vil vere i strid med klassisk kristen tru og lære. Det er eit argument eg på mange måtar ikkje forstår, seier Bjørdal, og utdjupar:

– I Bibelen står det mykje anna også, som ein takk og pris har gått vekk ifrå. Eg er ikkje teolog, og skal vere forsiktig med å tolke Bibelen, men til dømes står det at kvinner ikkje skal tale offentleg, men heller konsultere ektemannen sin. Ein viktig del av diskusjonen er å vere konsekvent i argumentasjonen. Ein kan ikkje drage fram det som står i Bibelen på eitt tema, men så er det ikkje interessant for andre tema, til dømes kvinner sin posisjon i samfunnet. Kyrkja må endre seg i tråd med samfunnet. Det er ikkje så lenge sidan vi ikkje aksepterte kvinnelege prestar og biskopar, minner Bjørdal om.

LES OGSÅ:Éin av seks ville flytta seg for ein homofil

Utvikling
Han meiner ein må tore ta slike debattar for å utvikle kyrkja.

– At vi har kvinnelege biskopar viser nettopp det at kyrkja er progressiv. Ho endrar seg i tråd med samfunnsutviklinga elles. Men det tek litt tid, og det er ingen som ventar at kyrkja skal gå i front. Likevel må ein leggje litt press på henne. Det er ein føresetnad for at kyrkja skal vere levedyktig framover.

– Ekteskapet har endra seg
Mellom anna ønskjer Bjørdal at kyrkja skal akseptere ekteskap mellom homofile på linje med tradisjonelle ekteskap mellom mann og kvinne.

– Ekteskapet i dag er annleis enn på Abraham eller Jesus si tid. Det har endra seg, men det er ikkje mindre viktig av den grunn. Ekteskapet er ein plattform for samarbeid og gjensidig kjærleik. Slik eg ser det, er det akkurat det same om det handlar om gjensidig kjærleik mellom likekjønna eller mellom ulike kjønn. Likskapane er så mykje større enn ulikskapane at eg synest det er ulogisk og diskriminerande å ikkje opne for det i kyrkja i 2014, seier Bjørdal.

Før jul melde tidlegare sokneprest Matias Austrheim i Ørsta seg ut av Presteforeininga av same årsak som biskopen no melde seg ut for.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE