Mange storbedrifter trur dei må kutta tilsette

19 prosent av storbedriftene på Vestlandet trur dei vil kutta tilsette i 2014.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Storbedrifter: – Må kutta tilsette

På den andre sida ventar berre 5 prosent av dei mindre bedriftene at dei får færre tilsette. Dette kjem fram av Vestlandsindeksen, ei undersøking som blir utarbeidd av Sparebanken Vest fire gonger i året og som blei lagt fram torsdag.

– Svært mange av dei store bedriftene er retta mot olje- og gassektoren, og vi ser at denne næringa er svært oppteken av å redusera kostnadene, seier samfunnsøkonom Kristina Håvås Hanson i Sparebanken Vest Markets til Stavanger Aftenblad.

Sist veke blei det klart at Statoil kuttar 239 stillingar innan IT, eigedom, finans og kontroll. Desse jobbane skal langt på veg kjøpast tilbake frå eksterne selskap.

700 bedriftsleiarar har vidare fått spørsmål om korleis konkurransen vil utvikla seg dei neste fem åra. 60 prosent svarar at dei ventar tøffare konkurranse om oppdraga, medan 14 prosent ventar mykje tøffare konkurranse.

Pessimismen er sterkast i Sogn og Fjordane, medan Møre og Romsdal ser mest positivt på framtidsutsiktene.

I Stavanger er det berre 8 prosent av bedriftsleiarane som trur dei får utfordrande konkurranse. (©NPK)