Drøymer om makt

Erling Laugsand (24) meiner kritikken rundt Senterparti-leiinga er trist. – Det tek fokus bort frå det som er viktig, nemleg politikken, slår han fast.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MITT LIV – MINE VAL: – Særleg no som me har fått ei blå-blå regjering er det veldig mange saker me må jobbe med der Senterpartiet har eit anna syn enn regjeringa. Det kan vere å forsvare norske interesser opp mot EU, føre ein god miljøpolitikk, rammevilkåra for dei som driv matproduksjon og at alle skal ha gode velferdstilbod der dei bur.

Den ferske leiaren i Senterungdommen snakkar seg varm om gode Senterparti-saker som han meiner diverre blir overskygga av leiarstrid og kritikk mot Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete.

–  Kva er hjartesaka di?

– Eg er veldig oppteken av folkestyre og at folk skal få større påverknad over eigen kvardag. Dei som blir råka av ei avgjerd er dei som har best greie på korleis ting bør vere.

– Kva er høgdepunktet i karrieren?

– Høgdepunktet er utan tvil å bli vald som leiar i Senterungdommen. Det var ei sterk oppleving å bli valt og få så stor tillit frå medlemmene, og blant eigne partivenner.

Laugsand tok over leiarjobben etter Sandra Borch i november i fjor.

Vil påverke
Han er eigentleg utdanna sivilingeniør frå NTNU, ved linja for industriell økonomi og teknologileiing. No har han tatt ein pause frå jobben med masteroppgåva for å vere leiar i Senterungdommen.  Næringslivet og gründeren fascinerer den unge politikaren, sjølv har han delteke på Gründerskolen i San Francisco og tatt fag i entreprenørskap på University of California i Berkeley. Ikkje overraskande drøymer han om å starte eiga bedrift ein gong i framtida, men først er det politikken som gjeld.

– Kvifor vart du politikar?

– Fordi eg er samfunnsengasjert og har lyst til å vere med å påverke. Då eg melde meg inn var eg særleg oppteken av at Noreg ikkje skal bli styrt av EU, at me skulle ha ein god miljøpolitikk og at ein skal ha like moglegheiter og tilbod over heile landet. Alle desse sakene er framleis viktige for meg i dag, og det er saker me arbeidar mykje med.

– Kva inspirerer deg?

– Eg blir inspirert av å møte nye folk, jobbe saman med andre og få til resultat saman med andre. Eg blir inspirert av å få vere med på å påverke politikken til Senterpartiet og dermed til Noreg, og føle at det eg held på med er viktig, meiner Laugsand.

Det er ikkje så mange månadar sidan han tok over leiarjobben i ungdomspartiet. Noko han sjølv meiner har vore både morosamt, ufordrande og lærerikt.

– Det er ein utruleg variert jobb som inneber alt frå å utvikle ny politikk og vere i media, til å møte medlemmer og administrere ein organisasjon.

Ser opp til eldsjelene
Laugsand trur det er mange ulike faktorar som påverkar dei vala me gjer i livet. Både familie, venner og media kan påverke oss, meiner han.

– Me blir påverka av det me les, og opplever sjølve, og gjennom dei erfaringane me gjer.

Den unge politikaren har også tru på at forventingar kan vere med og motivere oss til å nå nye mål.

– Samstundes så kan negative forventningar bidra i motsett retning. Slik kan ein seie at forventningar kan ha ein slags sjølvoppfyllande effekt. Det er det viktig å vere klar over, slår Laugsand fast.

Sjølv ser han opp til alle dei som brukar mykje tid og krefter på å utvikle lokalsamfunn, både lokalpolitikarar og andre eldsjeler.

– Eg ser også veldig opp til den jobben Anne Enger gjorde med å leie kampen mot EU-medlemskap og korleis ho løfta partiet.

– Kva skjer no framover?

– No skal me diskutere mest mogleg politikk og fokusere på det som skal vere vårt politiske prosjekt i åra framover.

– Kva drøymer du om?

– Eg drøymer om at Senterungdommen og Senterpartiet skal bli ein sterkare organisasjon og at me skal ha påverknad på norsk politikk.

Først publisert i Magasinett.