Ryst! Ryst!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø er rysta

Det hender at eg kvepp av nyheiter frå Norge. Det hender ofte at eg fniser. Det hender til og med at eg går så langt som til å løfte eit augebryn. Men sjeldan to. Det hender at eg blir litt overraska. Eller forundra. Eller pinlig berørt. Men rysta? Eg kan ikkje huske sist det skjedde. Sannsynligvis har det ikkje skjedd før. Men denne veka skjedde det altså.

Og det var ikkje nyheitene om korrupsjon i Yara som rysta meg. Det er ærlig talt lite som rystar i eit konsern med eit namn som høyrest ut som om nokon takkar ja til eit tilbod litt for lett.

Eg kjende etter då eg høyrde om rekordstore bøter og innrømming av skuld og tiltalar mot direktørar i Yara. Eg kjende etter, og spurde meg sjølv: Blir eg rysta no? Skakar dette meg? Blir eg sint? Får eg lyst til å springe ut i gatene for å rase mot systemet og dei rike og mektige? Dessverre er svara nei, nei, nei og nei. Eg får i alle fall ikkje lyst til å springe ut i gatene. Det snør.

Det var heller ikkje nyheitene om Senterpartiet som rysta meg. Senterpartiet kranglar og slit. Og snart er partiet så lite at det berre er trønderar igjen. Javel. Det er ikkje eit stort problem for nokon andre enn Senterpartiet sjølv. Og for trønderane, naturligvis.

Og det var ikkje nyheitene om at det går an å sleppe unna med doping i toppidretten som rysta. Om nokon avslørte omfattande doping i bedriftsidretten, ville det overraska mykje meir.

Det rystande var heller ikkje nyheita om at programserien «Ari og Per løser verdensproblemer» blir stoppa endå ein gong, og at TVNorge altså heller ikkje på andre forsøk klarte å overbevise sine kjernesjåarar om at det går an å sjå ein tv-serie om verdensproblem.

Var det så antydingane om at det kan komme kutt i kulturlivet? Og i støtten til avisene? Dette burde ryste meg. Eg skriv i avisa. Og om ein legg enorme mengder godvilje til, så kan ein til og med seie at eg av og til jobbar med kultur. Men nei. Rysta blir eg ikkje. Ikkje av det heller.

Nyheita som verkelig rysta meg, var nyheita om at vi er færre innbyggarar i Norge enn vi har trudd. Og det var ikkje eingong ei stor nyheit. Det blei faktisk framstilt nesten som ei kuriosa-nyheit. Men på Dagsrevyen på torsdag satt altså skattedirektøren og innrømma at han ikkje har peiling på kor mange som eigentlig bur i Norge. Og alle ser ut til å vere enige om at Statistisk Sentralbyrå sine tal på kor mange som bur i Norge, er feil.

Hallo?!?!

Grunnen til at dette rystar meg, er at dette skakar sjølve grunnen til at ikkje andre nyheiter rystar meg. Eg har nok tenkt (ikkje alltid like bevisst, men det er nok det er har tenkt) at sjølv om politikarar av og til seier og gjer dumme ting, og sjølv om nokon i toppidretten juksar, og sjølv om nokon i eit lite parti dolkar kvarandre i ryggen, og sjølv om det skjer ting i næringslivet som ikkje er bra, så går det nok greitt. For sånn i det store og det heile så fungerer ting. Sånn i det store og det heile så heng samfunnet i hop. Sånn i det store og det heile så har vi system som gjer jobben. Vi har kontroll, på dei grunnleggande tinga.

Men viss det er sånn at Statistisk Sentralbyrå ikkje eingong veit kor mange vi er, då blir eg usikker. Usikker på om vi eigentlig har kontroll på noko som helst. Viss du ikkje kan stole på nokon som heiter Statistisk Sentralbyrå, kven kan du stole på då?

Kva blir det neste? Kan vi ikkje stole på dei politiske meiningsmålingane heller? Kan vi ikkje lenger stole på at dei som skriv i kommentarfelt på internett til ei kvar tid representerer folkemeininga i sin fulle breidde?

Unnskyld, dårlig spøk.

Når det no viser seg at vi ikkje har kontroll på det grunnleggande, må eg spørje meg sjølv om eg ikkje likevel blir litt meir rysta av nyheiter om korrupsjon og doping og dolking i ryggen. Om eg ikkje likevel kjenner for å springe ut i gatene og rase mot systemet.

Men nei. Det snør.