Det er rekordmange norske bidrag på årets Sundance Film Festival. Dei som ikkje har høve til å fly til Utah kan nyte kvalitetskortfilm på Youtube.

mm

No er årets Sundance Film Festival i gang. I år har heile seks norske filmar fått plass på programmet til festivalen som går av stabelen i Park City og Salt Lake City, Utah frå 16.til 26. januar. Ein av desse har premiere på Youtube parallelt med festival-premieren.

Blind søvngjengar
To norske debutantar er tekne ut til konkurransane i den prestisjetunge festivalen. Regissør Mona Fastvold sin spelefilmdebut «Søvngjengeren» skal konkurrere med 15 andre filmar i US Competition, sidan filmen er filma i USA med mange amerikanske skodespelarar. Mellom desse finn ein Christopher Abbott kjent frå tv-serien Girls, men òg norske Gitte Witt.

Eskil Vogt, som frå før har skrive manus til Oslo 31. august og Reprise, konkurrerer i den internasjonale klassen med filmen «Blind».

I tillegg deltek den samproduserte dokumentaren «Sepideh» og Tommy Wirkolas «Død Snø 2» på festivalen. 

LES OGSÅ: «Blind» og «Søvngjengeren» til Sundance

For den utålmodige
Alle desse filmane må det norske publikummet vente på, om dei ikkje vil ta turen til filmfestivalen.

Men festivalen freistar å nå ut til fleire og la difor ut 15 kortfilmar på sin Youtube-kanal samstundes som dei hadde premiere i USA.

Mellom desse er norske Magnus Mork sin kortfilm «Burger», som tek for seg hendingane på ein burgerbar i Cardiff ein sein kveld.

I tillegg er den animerte kortfilmdokumentaren «Det var ikke jeg, det var fiskmåsen» av Julie Engaas invitert med på festivalen. 

Sjå kortfilmen «Burger» i vindauga under:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

ANNONSE