«Blind» og «Søvngjengeren» til Sundance

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debutantar til prestisjefestival

To norske regidebutantar er tekne ut til den prestisjetunge Sundance Film Festival i USA.

– Det er heilt fantastisk. Vi er kjempeglade, seier Fastvold til VG.

«Sleepwalker», eller «Søvngjengeren» som den skal heite på norsk, er regidebuten hennar. Filmen skal vere med i konkurransen der berre amerikanske filmar deltek.

Regidebuten til Eskil Vogt, «Blind», deltek i konkurranseprogrammet for internasjonale filmar. Vogt har tidlegare jobba saman med Joachim Trier med manus til «Reprise» og «Oslo 31. august».

– Filmen har lege ferdig sidan juli i år og no gler eg meg stort til å få vist han til publikum. At det skjer første gong på ein stad som er så viktig for moderne filmhistorie som Sundance, er sjølvsagt ekstra stort for ein filmelskar som meg, seier Eskil Vogt i ei pressemelding frå produksjonsselskapet Motlys.

Sundance-festivalen varer frå 16. til 25. januar. «Søvngjengeren» har premiere i Noreg same månad, og «Blind» har premiere 28. februar. (©NPK)