Astrid Luisa Niebuhr: – Gløymer at det er eg som har skrive det

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Astrid (19) har skrive ein opera

Det er ikkje alle elevar på vidaregåande som får høve til å skrive ein libretto – teksten til ein opera. For to år sidan fekk Astrid Luisa Niebuhr spørsmål om nettopp dette. Ho skulle skrive ein morosam opera. Oppdraget kom frå Bergen Nasjonale Opera, som ein del av talentprogrammet Unge stemmer.

Ho hadde ikkje noko erfaring med opera frå før. Ho var ikkje eingong sikker på om ho kunne skrive morosamt, men det høyrdes spanande ut. Eitt år seinare var førsteutkastet klart.

Fredag 17. januar er det verdspremiere på ungdomsoperaen Alt om min familie i Fana kulturhus.

LES OGSÅ: Fleire på opera, færre på teater

Rebellen Simen
I stykket møter me familien Matsen, ein familie med perfekt fasade. Borna lyttar til klassisk musikk og ryddar romma sine utan protestar, men så kjem ein rebelsk fosterson inn i familien. Karakteren Simenvar den første karakteren Astrid såg i kostyme, òg ho er svært nøgd. I tillegg er ho litt overarbeida.

– Eg jobbar heile dagen, men eg likar det eg jobbar med.

Det har vore travelt å skrive ein opera i tillegg til å fullføre vidaregåande, men kanskje enda travlare i tillegg til full jobb i kafé, som ho har gjort den siste tida.

LES OGSÅ: Dei djupaste røystene

Saka fortset under biletet.


Før den rebellske fostersonen Simen kjem inn er familien Matsen den "perfekte" familie. Foto: Magnus Skrede/BNO

Meir musikk
Den unge librettodebutanten fekk god hjelp av regissør Pernille Elimar, til å finne ut kva som let seg gjere på ei scene og ikkje.

– Eg er van med å skrive bøker og då forklarar ein alt med ord. Eg måtte kutte ned mykje og la skodespelet og musikken forklare meir, seier Astrid, som debuterte som Fantasy-forfattar allereie som 16-åring.

Det er andre utfordringar som møter forfattaren i ein opera der tekstane skal støttast av musikk, som mellom anna er skriven av Karianne Jæger og Atle Halstensen. I tillegg bidreg Sondre Lerche med nokre av låtane.  

Ho kan meir om opera no enn for to år sidan. Det har ei lærerik erfaring der ho har fått med seg litt operahistorie og mykje om prosessen med å lage opera. Frå idé til skriveprosess, og der det kjem tonar inn i lydbiletet.

LES OGSÅ: Fosse-premiere til Festspillene

Saka fortset under biletet. 


Far Matsen (Anton Ljungqvist) med fosterson Simen (Stian Økland). Foto: Magnus Skrede/BNO

Festspillaktuell
Ho tykkjer det er stas å sjå og høyre prøvane til ungdomsoperaen. Men sjølv om operaen no er ute av Astrid sine hender, og alt ho skal gjere er å sjå prøvar og vere spent på premieren, ligg ho ikkje på latsida.

Akkurat no held 19-åringen på med den fjerde og siste Fantasy-romanen i Fabula-serien. Han skal berre rettast ferdig, før han er klar til å sendast til ungdomsforlaget Panthera.

I tillegg var ho på slutten av førre året med å skrive ein del av førestillinga Stemmer, som skal opne årets festspill i Bergen. Eit meir alvorleg stykke i samband med grunnlovsjubileet.

LES OGSÅ: 21 år og forlagssjef

Trygt alvor
Astrid kjenner seg litt meir trygg på dei alvorlege tekstane. Ho har skrive eventyrliknande noveller og krigshistorier sidan ho gjekk i tredje eller fjerde klasse på Steinerskulen. Ein skule ho trur kan ha bidrege til at ho oppdaga skrivinga så tidleg. Men privat eller offentleg skule. Ho hadde skrive.

Astrid var usikker på om førsteutkastet til librettoen var morosamt nok. Men tvilen vart borte når karakterane fekk liv gjennom skodespelarane.

– Eg har latterkrampe og gløymer heilt at det er eg som har skrive det, fortel forfattaren, som no er spent før premieren.

Vegen vestover
Men dette er langt frå det einaste spanande som ventar Astrid framover. Til hausten vil ho studere litteratur i Storbritannia. Ho har allereie fått svar frå to universitet, men ventar framleis på førstevalet. Kanskje får ho flytte til Norwich og gå på University of East Anglia.

Ho vonar det snart vert meir tid til å lese klassisk litteratur, slik at ho er budd til studiane. Først på lista står Shakespeare. Ei spanande tid og gode historier. Ikkje akkurat Fantasy.

Men sjølv om engelsk har eit større publikum, trur ikkje Astrid at ho byrjar å gje ut engelsk litteratur med første.

– Eg er veldig glad i norsk. Det er det som er mitt språk, seier Astrid, som føler at ho ikkje kjenner engelsk godt nok til å la fantasien få plass på papiret i den språkdrakta.


Under øvingane har Astrid Luisa Niebuhr site som tilskodar og ledd mykje. Foto: Magnus Skrede/BNO

Faktaboks

Astrid Luisa Niebuhr

• Fødd 1994 i Tyskland

• Oppvaksen i Stange i Hedmark

• Debuterte i 2011 med boka Aero, den fyrste i Fabula-serien

• I år kjem den fjerde og siste boka i serien

• Aktuell med librettoen til operaen Alt om min familie

• Har vore med å skrive opningsstykket Stemmer til Festspillene i Bergen 2014