Einar Økland gjev eit morosamt innblikk i hovudet på ein statsminister i Statsminister-boka, og minner oss om at sjølv statsministrar kan ta fullstendig feil.

mm

Statsminister-boka
Einar Økland
Samlaget
2014

Den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves! Statsminister-boka blei skriven for 45 år sidan – men ikkje før no blir ho gjeven ut. I boka møter me ein enkel mann med fleire sider. Det er ein statsminister som liknar oss – han kan ha flass og vera sint, krangle og jamvel slåst med ein bisp – og han likar sild og kaker. Og han blir så glad når det fer eit fly over huset hans.

Det gongen boka blei skriven var det Per Borten som var statsminister, men boka er framleis aktuell i dag. Diktet om statsministeren som drøymer om blåklokkeland kunne like godt vore Erna. Og fleire gonger medan eg les, tar eg meg i å tenkja på bildet av det rotete kjøkenet som dagens statsminister har blitt kjent for.

Kvifor kom ikkje boka før? I korte trekk handlar det om at Samlaget ikkje fekk støtte til å laga illustrasjonar til boka. Illustrasjonane er det enno ikkje funne rom for, men forfattaren sine effektive instruksjonar til illustratøren er med – og god plass til at du kan teikna og fargelegga sjølv!

Statsminister-boka høver for alle alderssteg – stikk i strid med kva Økland skreiv til forlaget då han leverte manuskriptet vinteren 1969. I det frimodige følgjebrevet skreiv han elles dette: ”Ein klassikar vil den i alle høve bli, det er klart”.

Ja, kvifor ikkje? I det minste ei skikkeleg kultbok for alle med sans underfundig, øklandsk humor og obligatorisk lesnad for små og store born med ein statsminister i magen.

130 år etter parlamentarismen blei innført, er det i alle høve eit stort framsteg at kongar og prinsesser blir byta ut med ein statsminister.

Les fleire bokmeldingar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE