KrFU-leiar opnar for homofilt ekteskap

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utfordrar KrF på homofili

Då Noreg i 2009 fekk kjønnsnøytral ekteskapslov stemte KrF imot. No vil KrFU-leiar Emil André Erstad ta opp debatten på nytt. Han meiner det er på tide at moderpartiet endrar standpunkt når det kjem til homofile ekteskap og adopsjon, melder NRK.no.

LES OGSÅ: Prestane seier ja til å vie homofile

For alle familiar
Erstad meiner at partiet dei siste åra har teke fleire steg i riktig retning, mellom anna ved å gå inn for at homofile og lesbiske skal ha alle juridiske rettar. Men ungdomspolitikaren vil at partiet, som set familien i høgsetet, skal verte enda meir opne.

– Me har ei felles ekteskapslov i dag. Om me skal vere eit familieparti, må me ha ein god politikk for alle typar familiar. KrF har aldri vore i tvil om at homofile kan vere gode omsorgspersonar, difor bør me òg kunne gje homofile retten til å adoptera, seier Erstad til NRK.

LES OGSÅ: Frå skap til skap

Kampklar
I eige ungdomsparti finn Erstad både støtte og motstand for sine synspunkt. Mellom dei som er ueinige er fylkesleiaren i Oslo-KrFU Espen Frøvold.

– Eg møter debatten med frisk mot. Me skal ha ein respektfull og grundig debatt i partiet. Men me er mange som er ueinige, og me skal ta opp kampen, uttalar Frøvold til NRK.

KRF-medlem og aktiv KrFU-ar Hanne Marie Pedersen-Eriksen skryt av Erstad for å ha mot til å løfte fram saka. Ho studerer til å verte prest og ynskjer at partiet skal akseptera at ho vil gifta seg med sin kvinnelege sambuar.  

LES OGSÅ: Melder seg ut av Presteforeningen i protest

Kontroversiell foreldrerett
Fungerande leiar i KrF Dagrun Eriksen trur ikkje partiet vil endre syn på saka i nær framtid.

– Når det kjem til det som handlar om ekteskapets tidlegare funksjon, nemleg at det berre var heterofile som kunne adoptere og få rett til assistert befruktning, så står nok det programpunktet ganske fast i KrF, seier Eriksen til NRK.

Ho er likevel open for diskusjonen, som kjem i forkant av at ungdomspartiet skal vedta sitt program om eitt år.

Eriksen peikar på at KrF har gått frå å stemma imot partnarskapslova, som vart vedteke i 1993, til å vere for.

– Men å gå derifrå til å seie at alle har rett til å bli foreldre uansett, det sit nok veldig mykje lenger inne hjå KrF.