Christian gjer designsuksess

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har ein enorm omfangsrik og morosam jobb. Eg har henta mykje inspirasjon på Saudehornet og Vassdalstinden, fortel kreative Bergheim. Han har designa mellom anna ein av det verdskjende skomerket Converse sine produkt.

Arbeida til Anti & Grandpeople er publisert i meir enn 150 bøker og like mange magasin.

– Vi har treft både den norske og internasjonale marknaden godt, konstaterer Bergheim som saman med kollegaene har storheiter som Nike USA, Nike Europa, Microsoft, Grafik Magazine, Tokion, Non-Format, Sony BMG og Escalator poster på kundelista.

33-åringen kan vise til ein prisvinnande portefølje som har utvikla seg til å omfatte alt frå plateomslag og illustrasjonar, til full skala visuelle identitetar, art direction, skrifttypar, foto, mote, kunstprosjekt og meir.

Flytte
Interessa for kreativt arbeid starta heime i kjellaren i Ørsta. I 2000 flytte Christian Bergheim frå Ørsta til Bergen for å studere visuell kommunikasjon på kunsthøgskulen der. Under utdanninga starta Kristian og to andre å jobbe med og for musikkmiljøet i Bergen, og laga ein del konsertplakatar, plateomslag og festivalprofilar og liknande.

– Vi hadde ei tilnærming til grafisk design som på den tida ikkje var veldig vanleg, og ting vi gjorde skilde seg ut. Vi vart lagt merke til av mange, og det mangla ikkje på oppdrag. Difor valde vi, etter at vi var ferdige med utdanninga, å etablere vår eigen arbeidsplass. Og eg starta Grandpeople saman med Magnus Voll Mathiassen og Magnus Helgesen.

Internasjonal
Grandpeople fekk veldig raskt internasjonal merksemd, og i løpet av det første året vart det skrive om selskapet i fleire designmagasin. Etter ein 10-siders feature i det engelske designbladet Grafik, auka interessa, og ikkje lenge etter gjorde Grandpeople deira første oppdrag for Nike Basketball i USA – noko som gav dei innpass hos stadig fleire og større internasjonale kundar.

– Vi gjorde seinare fleire oppdrag for Nike, både illustrasjonskampanjar, font-design, dekorasjon av butikkar og liknande, fortel 33-åringen.

Dei neste åra vaks Grandpeople til å verte fem tilsette – fire designarar og ein fotograf.

– Vi valde å halde fram å jobbe med ein miks av store og små lokale, nasjonale og internasjonale kundar som t.d. Microsoft, Samsung, Nike, K-swiss, Lars Vaular og Datarock, og gjorde alt frå illustrasjonar, visuelle identitetar, utstillingar, fashion og liknande. Eg fekk blant anna mulegheita til å designe ein sko for Converse og emballasje for ein Microsoft MP3-spelar som aldri kom på marknaden fordi Apple plutseleg lanserte iPod touch, og vi har vorte inviterte til å halde eigne utstillingar i Hong Kong, Barcelona, USA og mange andre stader.

Utfordrande
I løpet av heile denne tida dreiv dei firmaet sjølve, noko som var utfordrande sidan ingen av kompisane hadde noko anna enn designutdanning. Etter 10 år var dei klare for å ta eit nytt steg, og i starten av 2013 fusjonerte Grandpeople med Anti Design i Oslo.

– Dette var for å halde progresjonen og for å verte i stand til å nå endå større kundar og levere endå breiare, fortel Christian.

Han er no Senior Designer og partnar i Anti & Grandpeople, som er eit design- og kommunikasjonsbyrå med avdelingar i Oslo og Bergen. Med fusjonen hamna Christian og kompisane på same lag som mange dyktige folk med kompetanse dei sjølve ikkje sit på.

– Saman kan vi no ta på oss oppdrag av alle storleikar innanfor alle område. Vi jobbar med alt frå plateomslag til TV-reklame og kommunikasjonsstrategiar. Arbeidsoppgåvene er veldig varierte, med prosjekt for alt frå DNB og Jernia til Petter Northug og Satyricon.

Kate Moss
Eit av dei første oppdraga dei gjorde etter samanslåinga var for verdas største modellbyrå, IMG models, med blant anna Kate Moss i stallen. Etter lange møter både i New York og Paris fekk dei oppdraget med å lage IMG´s show package for 2013.

– Vi jobba då tett med kontora i Milan, New York, Paris og London for å designe ei boks med kort som modellbyrået sender rundt til potensielle kundar for å vise årets modellar. Kvar boks inneheld over hundre kort med bilete, og kvart kort gav vi ei behandling med illustrasjonar. Vi lagde også ein egen, spesiallaga font til prosjektet. Sjølve boksen vart produsert av fagfolk på eit lite trykkeri midt i Paris, som vi har hatt jobbar for tidlegare.

Anti & Grandpeople er også tungt involvert som husdesignarar og medeigarar i det norske klemerket Norwegian Rain, som er ferd med å etablere seg i den internasjonale moteverda.

– Vi har vore med heilt frå starten, før det eksisterte eit einaste plagg, og har gjennom arbeidet med visuell identitet, logo, webside og fotoshoots bidrege til å forme og etablere klemerket. Dei siste par åra har Norwegian Rain vunne ei rekkje prisar.

Vekst
Suksessen ser ut til å halde fram for Christian Bergheim i 2014:

– Vi ligg an til å vekse endå meir, og det vert eit spennande år. Vi har framleis mål om å hevde oss på den internasjonale designarenaen, samtidig som vi har kundebasen i Noreg, fortel den kreative 33-åringen som meiner han har verdas kjekkaste jobb.

Les saka i Møre-Nytt!