Frode Fyllingsnes køyrer elektrisk rullestol frå Hordvik til Knarvik for å trena vekter kvar einaste dag. I vinter sette han seg fast fleire gonger, men på trening skulle han.

Lillian Sivertsen, Nordhordland
Lillian Sivertsen, Nordhordland

– Normalt sett tek rullestolturen frå Hordvik til Knarvik om lag ein time kva veg, men dersom det er uvêr tek det litt lengre tid, fortel Frode Fyllingsnes.

Han har Cerebral parese (CP) og er avhengig av rullestolen sin for å ta seg fram.

LES OGSÅ: Karoline har gått ned 50 kilo – vil verta så fit som mogleg

– Det er mogleg å ta bussen, men kjem det ei barnevogn er det ikkje lenger plass. Då synest eg det er betre å køyra sjølv, fortel han.

Treninga betyr alt

– Det er viktig å trena når ein har CP. Om ein berre sit i ro stivnar ledda, og alt blir mykje tyngre, forklarar han.

Sjølv om han skal delta i NM?i benkpress i Bergen i mars, er ikkje det den eigentlege motivasjonen bak treninga. I framtida ønskjer 23-åringen seg familie og barn slik som alle andre. Då er det viktig å vera så sjølvhjelpen som det er mogleg å vera.

– Etter at eg byrja å trena har eg byrja å klara mykje meir i det daglege liv på eiga hand, forklarar han.

LES OGSÅ: – Eg har ikkje rørt kjøttdeig sidan Hellstrøm var her

Det har ikkje alltid vore like lett for han å leva med CP. Det å vera avhengig av hjelp frå andre for å klara seg er ikkje berre enkelt.

– Eg har måtta bruka lang tid på å læra meg å spørje andre om hjelp. Å vera avhengig av andre er noko eg hata. No har eg innsett at alle treng hjelp av og til, og sjølv om dei ikkje nødvendigvis er sjuke, er det viktig å stilla opp for andre, seier han.

Frode bur for seg sjølv i ein 70 kvadratmeter stor leilegheit på Hordvikneset, og det har han gjort sidan han var 18 år gamal. Han er avhengig av at det kjem hjelpepleiar heim til han kvar dag.

LES OGSÅ: Har kjøpt treningsutstyr for ein million

– Skal eg dusja sjølv tek det over to timar. Med litt hjelp slepp eg unna med 40 minutt. Tidlegare hadde eg ein periode der eg skulle gjera alt sjølv, og eg nekta å ta imot nokon form for hjelp. Det enda med at eg vart heilt utsliten, og fekk ikkje tid til å leva eit sosialt liv. All tida gjekk med til å utføra det som for andre er enkle, daglegdagse ting, fortel han.

Styrkeløft

Sjølv om Frode har trena ganske bra dei siste fem åra, var det for to år sidan at han byrja å trena intensivt med personleg trenar Tommy Fylling, og eigaren av Max Fitness, som også er hovudtrenar, Christer Fløysand. Sidan den gong har styrken auka monaleg, og Fyllingsnes har gått frå å løfta 75 kilo i benkpress i fjor, til å løfta 100 kilo i år. No er han blitt medlem i Norges Styrkeløftforbund, og det var der han vart invitert til å delta i NM. Treningsøktene hans varierar frå dag til dag, med økter på ein eller to timar gjennom heile veka. På eintimesøktene fokuserer dei på styrketrening med hyppige repetisjonar for å få med litt kondisjonstrening. Sidan Frode ikkje kan gå, er det vanskeleg og få trena kondisjon. Han får heller ikkje trena beina frå knea og ned. Hovudtrenaren passar likevel på å tilpassa øvingar som gjer at dei får trena litt bein og litt kondisjon likevel.

– Eigentleg har Frode full kontroll på treninga sjølv. Eg er berre med å hjelper han å koma seg frå apparat til apparat, seier Christer Fløysand.

LES OGSÅ: Byggjer kropp som livsstil

Han har kjent Frode frå dei var ungdommar, og er svært imponert over innsatsviljen til kameraten.

– Han gir alt heile tida. Han har aldri vore vekke frå ei einaste trening, og han er ein stor inspirasjon her på senteret, seier han.

Sat fast

I desember i fjor kom likevel at Frode for seint til trening. Rullestolen hans hadde sett seg fast i ei isblokk borte i Hordvik, og han kom seg ikkje av flekken. Då Christer fekk telefon frå Frode om at han sat bom fast, køyrde han bort og hjelpte til med å få han laus. Likevel møtte han ikkje til trening. Etter to timar kom han til slutt. Då viste det seg at han hadde blitt stoppa av ei isblokk som låg midt i vegen rett før Hagelsundsbrua. Årsaka var at det ikkje hadde blitt brøyta skikkeleg, og han måtte ringa kommunen for å få den fjerna. I mellomtida hadde attpåtil uvêret braka laus, og Frode var kliss gjennomvåt då han endeleg kom til Max Fitness.

– Likevel møtte han med eit stort smil om munnen, og var klar til å trena, fortel Christer.

Les heile saka i Nordhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE