Vil ha slutt på leiarstrid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sp-leiar Liv Signe Navarsete opnar for å kalla inn til ekstraordinært landsmøte etter å ha møtt massiv kritikk den siste tida.

– Det er nokre i partiet som ikkje ynskjer meg. Det må partiet diskutera. Me har eit regelverk for å handtera denne type situasjonar. Me er ikkje tente med å ha denne situasjonen gåande lenge. Det er viktig at me får ein prosess for korleis me skal handtera dei spørsmåla som har kome opp, seier ho til TV2.

Full tillit
Bodskapen frå Senterpartiet i heimfylket er ein annan:

– Me meiner dei tre i partitoppen må ta ansvar, stå samla og skapa ro. Me tykkjer ikkje det er bruk for eit ekstraordinært landsmøte, seier Karen Marie Hjelmeseter.

Fylkesleiaren hadde fredag telefonmøte med med medlemmene i arbeidsutvalet.

– Me utfordrar partileiinga til å gje klare signal. Me må ta tak i evalueringsrapporten og byggja vidare på det positive slik at me kan driva politikk, slik alle ynskjer.

Utelukkar ingenting
Til TV2 vil ho ikkje svara på om ho vurderer å trekkja seg som partileiar, men utelukkar likevel ingenting for å få slutt på striden.

– Me må bestemma oss korleis partiet skal handtera dette, om me skal ha eit ekstraordinært landsmøte eller ikkje. Korleis dette skal gjerast må me drøfta i partiet no, seier ho til kanalen.

Les saka i Sogn Avis!