Ta turen 664 år tilbake

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis såg det ut i Bergen på 1300-talet? Det kan du no oppleve i ein kortfilm Byantikvaren og produksjonsselskapet Arkikon har laga.

Den 17 minutt lange "Stein på stein" byggjer på arkeologiske og historiske kjelder og viser byen slik filmmakarane trur han har sett ut.

– Me har hatt dialog med flere fagfolk, og me har vore opptatt av at det skal vera fagleg best muleg. Samtidig må ein hugsa på at dette ikkje er eit doktorgradsarbeid, seier han til bt.no.

– Målet med prosjektet er å vekka interesse for mellomalderen og visa kor annleis byen var då. Dette er slik me trur det såg ut, men ein kan aldri bli heilt sikker. Kjeldene er sparsame og fagfolka er heller ikkje alltid samde om dette, seier Børsheim.

Prosjektet er finansiert av Riksantikvaren og Bergen kommune.