Time er årets bibliotek

Tolv timar opningstid kvar einaste dag heile veka. Time bibliotek si evne til å satse utradisjonelt gav dei prisen for årets bibliotek.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er årets bibliotek

Årets bibliotek vert delt ut av Norsk Bibliotekforeining for å synleggjere alle dei flotte biblioteka rundt om i landet. I år var det Time bibliotek på Bryne som fekk den gjeve prisen.

LES OGSÅ: Halve befolkninga bruker biblioteka

Samlokalisert suksess
I si grunngjeving seier juryen mellom anna at Time bibliotek har vald å satse utradisjonelt for å styrke det tradisjonelle et bibliotek skal være.

Vinnarbiblioteket ligg saman med Garborgsenteret og den vidaregåande skulen. Der finn du òg kafeen Garborgstova. Naboane har fått til eit fruktbart samarbeid som mellom anna har gjort det mogleg for biblioteket å halde ope 12 timar dagleg, kvar einaste dag heile veka. Nokre av desse timane er det sjølvbetjening.

Sosiale medier satsing
Nytenking med informasjonsskjermar over komande arrangement og iver på sosiale medier er andre tiltak som Time bibliotek vert rosa for.

På Facebook melder biblioteket at gleda er stor både heime og i Oslo, der biblioteksjef Aud Søyland Kristensen tok imot prisen, som vart overrekt av Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Dei andre nominerte til årets bibliotek var Nesodden bibliotek, som har satsa stort på sjølvbetjening og bokbåten Epos, som sidan 1963 har formidla litteratur sjøvegen.