Sakte-tale

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Sakte-tale

På første nyttårsdag (godt nytt år, forresten) heldt Erna Solberg ein nyttårstale der ho nemnde ein del ting, og fekk litt ros for det. Og så var det ein del ting ho ikkje nemnde, og det fekk ho kjeft for. Akkurat som vanlig. Og akkurat som vanlig har fleire kommentert kritikken med å seie at ein ikkje kan gjere alle til lags.

Men det kan ein jo, faktisk.

Talen til Erna Solberg i år, for eksempel, varte i elleve minutt og trettifire sekund. Det er meir enn nok til å gjere alle til lags. Det er faktisk nok til å gjere alle til lags minst to gonger.

Eg går utfrå at nokon i fjernsyns-Norge er høge på sakte-tv-suksessen og forlengst har foreslått at neste års nyttårstale skal vare i fjorten dagar. Men der trur eg grensa går, sjølv for sakte-tv. Og elleve minutt og trettifire sekund er nok. Det gjeld berre å ikkje dvele for mykje ved kvart tema.

Eg har skrive ein ideell nyttårstale som varer i under fem minutt, som nemner absolutt alt, og som dessutan held på forma som ein slik tale skal ha. Om Solberg hadde halde ein slik tale, så kunne vi hoppa over den årlige diskusjonen om alt som ikkje blei nemnt, komme oss vidare i dei meiningsfylte liva våre, og gått tilbake til å tvitre om at vi ikkje høyrer kva dei seier på tv.

Ver såg god:

Kjære alle saman.

Her står eg på skrå framfor ein peis og prøver å halde hendene på ein naturlig måte. Det er ikkje lett å finne ein naturlig måte å halde hendene på når ein står slik, men eg skal gjere mitt beste. For eg har mykje eg vil seie, og eg vil ikkje at du skal sjå på hendene mine heile tida.

Grunnlova.

No tek eg ein liten pause medan kamera kjem litt nærmare slik at hendene er utanfor bildet.

Helse. Forenkling. Fysisk forstring. Mobbing. Barndom. Kongehuset.

Det har vore mykje dårlig vêr i år. Men også sol.

Lærarar. Det Stoltenberg sa. Det Bondevik sa. Det Willoch sa. Det Brundtland sa. Det Syse sa. Sosiale medier. Men også menneskelig kontakt.

Og no smiler eg litt. Men berre litt. For det er mykje vondt i verda også.

Skule. Vår nære historie.

Internasjonalt engasjement.

Klima! Så det så.

Heime og ute. Kommunal. Modernisering. Samferdsel.

Omsorg. Arbeid.

Eg vil også gjerne ta nokre litt for lange pausar og gjenta eit par uttrykk fleire gonger, for at folk skal forstå at det er desse uttrykka eg ønsker skal bli sitert frå denne talen. Hol i CV-en. Draumelærar. Hol i CV-en. Draumelærar.

Nelson Mandela var ein fin fyr.

Men også fysiske og psykiske problem. IKT! Eidsvoll. Kunnskap. Men også katastrofar og alvor. Leik.

Kompetanse. Ein ny sjanse. Ungdom. Barn. Eldre. Og folk på rundt 53.

Det kongen sa.

Takk til kongen, forresten. Han er også ein fin fyr.

Og no skal eg fortelje om noko eg sjølv har opplevd i år, slik at du skal forstå at eg har bakgrunn for eigne meiningar og ikkje berre står her og ramsar opp ting. Eg tok ein gong ein tur til Lillehammer. Eg har også vore i for eksempel i Trondheim, Leikanger, Harstad og til og med på Tynset.

Eg har møtt folk. Fleire gonger. Fleire plassar. Og dei hadde historier å fortelje.

Vi må vere smarte.

Hol i CV-en. Draumelærar.

Foreldre. Fiskeri. Næringslivet. Inkludering. Justis. Kriminalitet.

Det er viktig med god lyd på tv. Kultur! Teater. Norsk film. Rekruttering. Blomstring. Landbruk.

Ole Gunnar Solskjær. Fisk. Eksport.

Framtid. Like mulegheiter. Sjukehus. Tour de Ski. OL. Kyst. Det handlar om folks kvardag. Utlandet. Økonomi.

Men det er også mange andre grupper i samfunnet vårt. For eksempel gifte, skilte, sambuande, søsken, einslige, folk som jobbar i butikk, folk som ikkje jobbar i butikk. Og ikkje minst vil eg rette ei takk til alle andre som eg ikkje har fått med i denne talen. Vi må aldri gløyme alle andre.

Og eg har framleis eit halvt minutt igjen. Det skal eg bruke til å seie godt nytt år ganske sakte. Godt. Nytt. År.

Først publisert i Aftenposten 4. januar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!