– Meir inkluderande lærarar her

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om dei fleste unge bur heime hos sin eigen familie gjennom den vidaregåande opplæringa, er det stadig fleire som vel å ta eit år i utlandet. I dette intervjuet fortel Runa Overå Hide både om flotte opplevingar og utfordringar som er knytte til det å bu så langt borte.

– Kvar bur du dette året?  
– I år bur eg i kystbyen Margate. Denne gamle byen ligg søraust i England og er på storleik med Ålesund.  

– Kva selskap reiser du med?
 – Eg reiser med ein organisasjon kalla Aspect.  

– Var det noko som overraska deg spesielt då du først kom til England?  
– Det første eg la spesielt merke til var nok storleiken på husa. Eg vil seie bustadene var mindre enn ein tredjedel av eit gjennomsnittleg hus her i Norge. Elles vart eg svært forvirra av at bilane køyrde på venstresida. Sjølvsagt var eg klar over det på førehand, men det gjekk litt tid før eg klarte å venje meg til det.  

LES OGSÅ: Kva sa du?

– Kva heiter skulen du går på?
– Dane Court Grammar School heiter skulen eg går på. Der er om lag 1200 elevar fordelt på sju trinn. Sjuandeklassingane, som er dei yngste, må gå i skuleuniform. Desse uniformene må dei bruke heilt fram til dei er ferdige med sitt ellevte år. Dei to siste åra er det valfritt med kva klede ein kan gå i. Altså bruker ikkje eg uniform.  

– Kva for nokre fag har du?
– Eg har fire fag. Det er «Higher Physics», «Higher Chemistry», «Standard Spanish» og «Math studies». Desse faga utgjer ikkje meir enn seksten timar i veka, men det er meir enn nok med tanke på kor mykje vi må jobbe med kvart av dei. Favorittfaget mitt er kjemi. Fysikk vil eg seie er det faget som er mest utfordrande, men eg synest det er såpass interessant at det ikkje er noko problem for meg.  

– Får du undervisning på norsk?  
– Nei. Organisasjonen eg reiser med er ikkje innblanda med Ulstein vidaregåande skule, så norsk og historie må eg sjølv sørgje for å lære meg før neste skuleår er i gang.

LES OGSÅ: Utvekslingsstudentar

 – Kva synest du er betre og kva synest du er mindre godt med undervisninga i Storbritannia samanlikna med den undervisninga vi har her i Norge?
– I England er lærarane mykje meir inkluderande. Eg veit alltid at eg kjem til å bli spurd i timane. Det har ei positiv innvending på klassen i og med at alle følgjer med til ei kvar tid. Respekt er også noko som er meir av i den engelske skulen – både mellom elevane internt og mellom elevane og læraren. I klasserommet sit vi ikkje ein og ein, men i grupper og samarbeider. Arbeidet vårt er meir praktisk, og ikkje berre å lese og svare på oppgåver slik vi har hatt mykje av i Norge. Dette liker eg betre med sjølve undervisninga. Noko som eg opplevde som ein god del strengare med den skulen eg går på i år, er leksegjeringa. Kvar dag må vi levere inn leksearbeidet vårt, og vi får alltid ei tilbakemelding på det vi har gjort. Til og med i feriane får vi lekser å jobbe med. Dette arbeidet må også leverast inn. Den negative sida av å vere norsk i ein engelsk klasse, er at fagspråket kan vere noko vanskelegare. Dei andre elevane har allereie hatt GCSE, som er ein eksamen i eit sjølvvalt fag, noko som gjer det litt hardare for meg å henge med.

 – Når bestemte du deg for at du ville reise til utlandet som utvekslingsstudent? 
– Ganske tidleg. Allereie som trettenåring fantaserte eg om å reise til utlandet for å studere. For om lag eitt år sidan starta eg for alvor å sjå meg rundt på internett etter ein plass å fare til. Eg tenkte England var greitt med tanke på at det ikkje er så langt heimanfrå, og også fordi eg ville få moglegheita til å forbetre engelsken min. Eg har alltid tenkt at England er ein plass eg må bu før eg døyr, så utvekslinga dit passar perfekt.  

– Kven bur du hos? 
– Eg bur hos ein skotsk familie. Det er vertsmora mi, vertsfaren min og barnebarnet deira. I tillegg har eg ei vertssøster på min eigen alder frå Alta som eg deler rom med.  

– Kva er den største utfordringa med å bu borte frå familien sin?  
– Det verste med å bu så langt borte frå sin eigen familie, er jo sjølvsagt at eg saknar dei. I og med at eg reiser med ein organisasjon, kan eg heller ikkje reise heim på besøk når som helst. Det er vel kanskje derfor eg gler meg til å bli vaksen. Eg har nemleg planar om å bu litt i utlandet då også, men då kan eg både få besøk og reise på besøk når eg vil.

LES OGSÅ: Fleire elevar og studentar reiser ut 

– Synest du nordmenn og engelskmenn er forskjellige?  
– Ja, definitivt. Engelskmenn er så mykje høflegare. Om eg skal beskrive ein typisk brite med tre trekk, vil eg seie han er inkluderande, kjekk og ein smule festglad.

 – Kva er den største skilnaden i kvardagen?  
– Det er ikkje lenger slik at eg brukar ettermiddagen min med vener slik det ofte var då eg budde heime i Noreg. No går den meste av tida etter skuleslutt med til leksearbeid. Når det gjeld aktivitetar er det slik at skulen har såkalla «skulelag» for dei fleste sportar. Desse laga representerer skulen og er med på å framstille oss som anten gode eller dårlege. Eg merka tidleg at kollektivtransporten var ti hakk betre i England. Bussane går med eit så lite mellomrom at eg ikkje ein gong treng om å sjekke bussrutene. Eg trur ikkje eg kan ha sete i ein bil meir enn tre gongar i England. No tar eg berre bussen. Noko eg opplevde som litt rart då eg kom til vertsfamilien min, var at eg ikkje fekk forsyne meg med mat sjølv. Vertsmora mi legg det eg skal ete på tallerkenen min, og potetene utgjer i alle fall to tredelar av middagstallerkenen. Shoppingsmoglegheitene er mykje betre i Margate. Det likar eg.  

– Kva vil du seie er den største opplevinga til no?  
– London-turane har vore heilt fantastiske! Vi har vore der fire gongar til no, men fleire skal det bli! Besøket til byen Canterbury var også særs flott. Berre det å i det heile tatt å få moglegheita til å reise til utlandet har vore ei oppleving for meg. Eg tenker ofte over at eg har møtt ein heil haug med kjekke menneske som eg aldri ville ha møtt om eg ikkje reiste.  

– Har du nokre planar om kva du skal gjere ditt neste og siste semester i England?  
– Når eg kjem tilbake etter juleferien er det allereie drøssevis med prøver, innleveringar og eksamenar som står for tur. Alt dette skal eg vere ferdig med før januar er omme. Så har vi vanleg skulegang heil fram til april som er neste «eksamensmånad». I februar får eg besøk av nokre venninner. Familien min kjem også ein tur på besøk. Elles skal eg ein tur til Frankrike, samt fleire turar til London. Det ser eg fram til! Sjølvsagt har eg ikkje alt planlagt. Noko tek eg som det kjem.

 – Korleis er det med jobb på sida av skulegangen?  
– Dei fleste elevane har ein deltidsjobb, og om dei ikkje har det, prøver dei å skaffe seg ein. Sjølv har eg ingen jobb. Eg vil heller nyte året mitt der borte til det fulle.

LES SAKA I VIKEBLADET!