Vil skapa teaterklassikar av den populære barneboka til Maria Parr.

mm

Den Nationale Scene og Sogn og Fjordane Teater samarbeider om oppføringa av Vaffelhjarte. Premieren er sett til Store Scene 10. oktober i haust.

– Det er vårt ansvar som teater å vere med å skape nye klassikarar, seier Solrun Toft Iversen, dramaturg ved Den Nationale Scene (DNS) til Sunnmørsposten. Ho meiner at bøkene til 32 år gamle Maria Parr frå Vanylven allereie har fått ei form for klassikarstatus.

NRK-serien av Vaffelhjarte samla mange sjåarar framfor tv, og har fått fleire prisar.

Suksess
For tida har Det Norske Teatret i Oslo stor suksess med Tonje Glimmerdal, basert på Parr si bok med same namn. Både Framtida.no og fleire av dei store avisene har gjeve strålande kritikkar til stykket.

LES OGSÅ: Glimrande gode Tonje Glimmerdal

Forfattar Maria Parr synest det er flott når dei store teatra vil prøva noko nytt for barn.

– At også Vaffelhjarte skal bli teater er svært kjekt. For meg er det viktig at den grunnleggjande tanken og stemninga i forteljinga mi blir tatt vare på i teaterstykket. Samtidig er eg innforstått med at ting må forandrast på for å fungera for scene, fortel Parr til Sunnmørsposten.

LES OGSÅ: Vaffelhjarte fekk ny pris

Bestevener
Eit sentralt spørsmål for hovudpersonen i Vaffelhjarte, Trille, er om han har ein besteven. Dette spørsmålet blir òg viktig i teaterstykket som Jesper Halle har skrive manuset til.

Regissør blir Cecilie Mosli, aktuell med NRK-serien Mammon. Ho har god erfaring med å formidla historier for dei yngste – ho har tidlegare stått for regi på fleire tv-seriar om Kaptein Sabletann, på Før det ringer på Brageteateret og på Ronja Røverdatter på Nationaltheatret. På DNS fekk ho mykje ros som regissør for meet me, ungdomssatsinga med premiere i mai 2013.

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Maria Parr?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

Kommentarar

ANNONSE