Over 1.000 blir trente for leva og døy på Mars

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trenar for å leva og døy på Mars

Fleire enn 1.000 kandidatar er plukka ut til trening for ei ferd til planeten Mars. Dei blei valde ut frå rundt 200.000 som hadde meldt seg, sjølv om det er snakk om ein einvegstur utan returmoglegheit.

Første ledd i utveljingsprosessen er fullført, opplyste den nederlandske organisasjonen Mars One fredag. Mars One skal no gå vidare med arbeidet som skal føre fram til 24 personar som skal sendast av garde i seks grupper.

Prosjektet er sterkt knytt til eit interaktivt reality-TV-program, som skal bidra til å skaffe sponsorar, og der publikum har eit avgjerande ord med i avgjerda om kven som til slutt får reise.

Utskytingane skal etter planen begynne i 2024. Mars-fararane vil bruke omtrent eit halvt år på å tilbakeleggje dei 55 millionar kilometerane frå jorda til Den raude planeten. Ferda blir for dyr og vanskeleg til at det kan bli snakk om ei returreise.

LES OGSÅ: Romturist vil til Mars i 2018

Kandidatane som no skal til vidare testing får ei tøff tid, seier Mars Ones medisinske sjef Norbert Kraft.

– Det blir snakk om harde øvingar, mange av dei i grupper, der den fysiske og kjenslemessige styrken til deltakarane blir sette på prøve, opplyser han.

Mars One kunngjorde nyleg at organisasjonen har inngått avtale med det amerikansk industrikonsernet Lockheed Martin om bygging av prototypen til eit landingsfartøy for ferder til Mars. Prototypen skal sendast ut på ei ubemanna prøveferd i 2018. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?