Digital bokhylle får merksemd
Ein artikkel som stod på trykk på nettstaden til The Atlantic om det første digitaliseringsprosjektet til Nasjonalbiblioteket, Bokhylla.no, får merksemd rundt om i verda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Førebudd på dommedag
Det skal ha utløyst det Nasjonalbiblioteket sjølv karakteriserer som «eit skred av twittermeldingar», på både engelsk, fransk, spansk, italiensk, portugisisk, russisk, gresk, arabisk og japansk.
Mellom dei oppglødde tvitrarane er Mia Farrow, som har fått med seg at Noreg «digitaliserer kvar einaste bok».
I artikkelen på The Atlantic skriv skribenten Alexis Madrigal at Noreg er godt førebudd på dommedag, og nemner også frøvkvelven på Svalbard. Madrigal skisserer eit framtidsscenario som kan oppstå om ikkje amerikanarane gjer som oss.
– Tenk deg at digitale arkeologar kjem over levningane av det tidlege 21. århundres sivilisasjon i eit gammalt datasenter i den oppvarma tundraen. Dei kjem til å sjå seg rundt, finna nokre utklipp frå Buzzfeed og The Atlantic, kanskje eit par Encyclopaedia Britannica-sider, og så der, glimrande midt i datasettet: norsk litteratur i sin heilskap.
– Hovudstaden blir Oslo
Madrigal trur nordmenn vil bli for det 27. århundres menneske det grekarane var for renessansen:
– Alle kjem til å kalla borna i romkoloniane Per og Henrik, Amalie og Sigrid. Hovudstaden på vår nye heimplanet kjem til å bli døypt Oslo, skriv han oppglødd.
Også nyheitsmedium som The Independent, New York Daily News, Reddit og Huffington Post har fanga opp det norske prosjektet etter artikkelen på The Atlantic. Fleire etterlyser tilsvarande løysingar i sine eigne land.
– Vi kan berre håpe dei har omsett Shakespeare for oss, skriv The Independent.
Stolt sjef
Nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein er stolt på vegner av institusjonen:
– Vi er alle stolte av at prosjektet no haustar så mange lovord frå alle delar av verda, seier ho i ei utsegn.
Bokhylla.no rommar no meir enn 135.000 bøker og vil innehalde rundt 250.000 bøker når tenesta er komplett i 2017. (©NPK)