Auke hos krisetelefonane i jula

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Travlare krisetelefonar

Telefonane som tidlegare oftast gjaldt einsemd og psykiske problem, har denne julehøgtida blitt meir og meir erstatta med konfliktar mellom fråskilde foreldre, fortel informasjonsmedarbeidar ved Alarmtelefonen for barn og unge i Kristiansand, Sylvia Obuscuwicz til NRK.

– Vanlegvis er det færre telefonar i jula, men denne gongen har vi merka at det var fleire som ringte enn det vi vanlegvis opplever, seier ho.

LES OGSÅ: Kvar fjerde student er einsam 

Fleire menn
Samlivsproblematikk er eitt av temaa som går att ved krisetelefonen, fortel ho.

– Det har nok vore ekstra mange telefonar som handlar om dette og konfliktar mellom skilte foreldre.

Også Kirkens SOS har tatt imot fleire telefonar i jula 2013 enn tidlegare.

Dagleg leiar Asle Bjorvatn fortel til NRK at også dei opplever ei endring i kven som ringjer inn.

– Vi har hatt ein markant auke i forhold til 2012 og vi ser også at det er ein god del menn som ringjer inn. Vanlegvis er det flest kvinner som ringjer inn til oss, men denne jula har det vore ein stor auke i talet på menn som ønskjer å snakke med nokon, fortel han.