Ting du ikkje kjem til å få høyre neste år (heller)
Ein må vel kunne seie at dette året, som så mange andre år, har vore eit år heilt på det jamne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Are Kalvø spår neste år
Det har vore ski-VM og handball-VM, men det er det jo alltid.
Vi har diskutert tigging og flagging, men det gjer vi jo kvart år.
Det har vore regjeringsskifte, men det meste er som før likevel. Bortsett frå at Siv Jensen var så fornøgd på valnatta at ho i ein kort periode gløymde å snakke lavt og skummelt og i staden snakka høgt og skummelt.
Og det har alt i alt vore eit ganske kjedelig regjeringsskifte, sidan ingen av dei nye statsrådane har gått av enno, sjølv om alle journalistane prøvde å få Sylvi Listhaug til å gå av, fordi ho har jobba i eit PR-byrå, noko journalistar liker veldig dårlig, heilt til dei plutselig får jobb der sjølv og synest det er ei spennande utfordring.
LES OGSÅ: Julebrev frå statsminister Erna Solberg (26,8%)
Og elles?
Svenskar synest nordmenn er rasistar og nordmenn synest svenskar er dumme som synest nordmenn er rasistar, og dette diskuterer vi gjerne resten av livet.
Verden har fått seg ein ny pave, som får ros for å vere tolerant og moderne, eller «av og til på grensa til å likne normal», som ikkje-katolikkar kallar det.
Både Bruce Springsteen og Justin Bieber har spelt i Norge i år, og Bieber-fansen oppførte seg også denne gongen klart mest modent. Og var mykje finare på håret.
Ylvis kledde seg ut som revar og gjorde det stort. Per Sandberg kledde seg ut som sint mann og trekte seg.
Og vi synest framleis at tv-seriar er den nye filmen, slik at vi kan sitte heime i joggebukser og sjå på historier som aldri kjem til poenget og tru at vi er noko.
Og så blir det nytt Munch-museum. Særlig.
LES OGSÅ: God tysdag
Eit år på det jamne altså. Og det kjem neste år også til å bli. Eg kan nemlig no, for minst tredje år på råd på denne tida, presentere lista som avslører at neste år heller ikkje kjem til å bli eit oppsiktsvekkande år. Her er… CA 10 TING DU NEPPE KJEM TIL Å FÅ HØYRE NESTE ÅR (HELLER):
1: Kjære alle sammen. Jeg vil benytte denne nyttårstalen til å takke av som statsminister. Det å være statsminister er ikke så gøy som jeg trodde. Mye jobb. Og veldig mye kjedelig jobb. Jeg har bedt Thomas og Harald fra TV2 om å ta over. Da blir det sikkert litt liv, i hvert fall. Nå går jeg hjem og drikker. Godt nyttår. Og lykke til!
2: Årets planlagde Bruce Springsteen-konsertar i Norge er avlyste på grunn av sviktande billettsal.
3: Årets hovudattraksjon på Øya-festivalen er offentliggjort: Per Sandberg les høgt frå boka si.
4: Bjørn Kjos blir ny leiar i partiet Raudt.
5: Eg synest kanskje Elisabeth Aspaker er den einaste ministeren som verkelig har markert seg.
6: Etter alle disse årene, må det være lov å si dette selv om jeg er konge: Jeg hater festspill.
7: Det er heilt umulig å finne ut korleis det går med Tone Damli Aaberge. Har ho født eller har ho ikkje født?!
8: Etter å ha tenkt oss om, har vi i TVNorge funne ut at vi skal slutte heilt å bry oss om kor mange som ser på programma våre.
9: Marie Simonsen, Harald Stanghelle og Frithjof Jacobsen har ingen meiningar om dette.
10: Grunnlovsjubileet er avlyst. Regjeringa går inn for å slutte med jubileum og heller bruke pengane på eit skikkelig bra OL i 2022.
11: Ei ny meiningsmåling viser at Senterpartiet ville fått reint fleirtal om det var val i dag.
12: Og Per-Mathias Høgmos menn går opp til 19-0.
Ha eit godt, men lite oppsiktsvekkande, nytt år.
LES OGSÅ: Fortalde at ho ynskte seg kjærast