Ikkje brenn desse i peisen
Ekspertar åtvarar mot pipebrann, helsefare og høg forureining lokalt.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desember er den månaden flest drikkekartongar hamnar i omen eller peisen.
Pipebrann
No åtvarar ekspertar mot både pipebrann, helsefare og høg forureining lokalt, melder Pressenytt.
Ei ny spørjegransking gjennomført i desember av Ipos MMI for Grønt Punkt, viser at totalt 7 prosent av alle drikkekartongar går opp i røyk, ifølgje Vikebladet.
Dette er både helsefarleg og svært forureinande, åtvarar Ivar Bjerke, fagansvarleg ved Norsk Brannvernforening.
LES OGSÅ: Nyttårsrakettane kan vere helsefarlege
– Dersom du brenn noko anna enn ved i omnen din, kan det generere store mengder giftig røykt, understrekar Bjerke.
Gjenvinning i staden
Kari-Lill Ljøstad, kommunikasjonssjef i Grønt Punt, er overraska over at det framleis er så mange kartongar som blir kasta i omnen.
– Dei gir lite varme, mykje oske og ikkje minst gjer dei at vi ikkje får brukt ressursar fleire gongar i materialgjenvinning, forklarer Ljøstad. (Pressenytt).
LES OGSÅ: Trening er ikkje forgjeves i jula