Fortalde at ho ynskte seg kjærast

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skreiv friarbrev i lokalavisa

Ida Marie Midttun (20) har ei fast spalte i avisa Bygdanytt i Hordaland. Midtun likar å skrive og skriv mykje. Noko tek ho vare på, noko hamnar i avisa.

– Då eg skreiv dette visste eg ikkje at eg skulle levere til avisa, men det vart slik då eg hadde plutseleg hadde ein deadline.

LES OGSÅ: Som å bruke pose i sekkeløp

Ho såg for seg at friarbrevet skulle hamne i papiravisa og tenkte ikkje det ville skape noko spesiell merksemd. Men så vart friarbrevet lagt ut på nettavisa til Bygdanytt og byrja å spreie seg på nett, via sosiale media. I løpet av kort tid hadde svært mange lese innlegget der Ida Marie fortel at ho er lei av å vere singel og er på jakt etter ein mann, ein mann som kan vere kjærasten hennes.

Mest populært
Friarbrevet vart lagt ut 14.desember. Sjølv halvanna veke seinare er innlegget den mest lesne saka på Bygdanytt sine sider.

–  Eg hadde aldri forventa at innlegget mitt skulle spreie seg så mykje. Eg har fått veldig mange tilbakemeldingar.

Ho har fått mest tilbakemeldingar på at måten hos skriv på, men det har òg vore respons på sjølve spørsmålet om å finne kjærleiken.

– Førebels er det ikkje nokon kø av folk utanfor døra mi, men eg har fått nokre hyggelege meldingar om eg vil vere med og gå på kafé og sånt. Det er jo litt morosamt, seier Ida Marie. 

Då ho skreiv innlegget, kjente ho seg litt åleine om det å vere singel. Alle i vennegjengen hadde hatt eller hadde kjærast, sjølv har ho ikkje hatt ein kjærast.

– Når ein ser kor fint dei som er kjærastar har det, så vil ein gjerne vite meir om korleis det er.

LES OGSÅ: – Born vert redde når dei ser meg

Ho trur noko at den store responsen skuldast at mange kjenner seg igjen i hennar situasjon.

– Når eg tenkjer på alle tilbakemeldingane eg har fått, så tenkjer eg at det kan vere ganske mange som har det likt som eg. Eg har tenkt eg har vore åleine, men kanskje er eg ikkje det i det heile tatt. Og det er vel kanskje en bra ting, seier Ida Marie.  

Angrar litt
– Men… byrjar ho.

– Eg har angra litt i ettertid.

– Kvifor?

– Folk som eg kjenner litt frå før har tatt kontakt og så er eg kanskje ikkje interessert. Det kan verte litt pinleg.. 

– Har du trua på at du finn kjærleiken no?

– Eg tvilar vel eigentleg på om eg kjem til å møte nokon ut frå dette. Det vert jo litt provosert fram. Det er sikkert mange som tenker at eg er skikkeleg desperat og tek alle tilboda som kjem. Men det gjer eg ikkje. Eg er framleis stille og sjenert. Folk trur kanskje eg morosam og open. Eg er kanskje det med folk eg kjenner, men eg er ikkje det med folk eg ikkje kjenner. Men samstundes at det vore veldig morosamt om dette er måten eg skal møte min mann på. Det kan jo skje.

– Har du ein oppmoding til andre som er single?

– Gå bort til dei som sit åleine i krokane. Dei har ofte mykje å kome med.

LES OGSÅ: Unge må leva opp til eit glansbilete

Her er heile innlegget til Ida Marie Midttun i Bygdanytt:

Kjære framtidige kjære

Du må vere mann, gjerne i tjueåra, og kan ikkje eige ein katt. Kattar er det einaste som skremmer meg meir enn å flørte. Det er eigentleg dei einaste krava eg har. Det er ikkje så viktig korleis du ser ut. Du treng på ingen måte sjå ut som ein undertøysmodell, eg har nemleg lang erfaring med mi eiga interesse for menn, og eg fell som regel pladask for dei som venninnene mine meiner har skeiv nase, krumma rygg eller altfor langt hår (spesielt dei med altfor langt hår).

Sjølv er eg jente, heilt i starten av tjueåra, og eg eig heller ikkje ein katt. Kattar er det einaste som skremmer meg meir enn å flørte. Eg trur ikkje utsjånaden min er verken karakteristisk eller spesielt glamorøs, men eg kan rulle med magen.

Det hadde vore ganske fint å ha ein å dele alle konsertane eg går på saman med. Ein å sovne med og vakne med og pusse tennene med. Det hadde vore ganske fint om eg ein gong kunne seie: Er det greit om kjærasten min blir med? For eg er tjue år, og eg har aldri fått oppleve det. Når ein har levd i tjue år og ingen nokon gong har vore glad nok i deg til å ville kalle deg kjærasten sin, blir ein liksom litt gal, og så skriv ein friarbrev i avisa. Eg håpar ikkje du finn det skremmande, for eg har ganske mange fine ting eg likar å drive med også, og om eg er i riktig humør er eg ganske sikker på at eg kan vere ganske godt selskap.

Det er ikkje så viktig om du ikkje likar dei same greiene som eg gjer, faktisk likar eg det aller best om du ikkje anar kva eg pratar om når eg pratar om musikken eg likar og bøkene eg les, så kan eg vise deg og du kan bil like oppslukt og fascinert som det eg har lyst til å bli når du viser meg musikken du høyrer på og bøkene du har lest. Eg syng i kor og spelar i korps og er sjukt nerd, men om du heller likar fotball kan eg på trass av at eg aldri har forstått greia med det, strekke meg så langt at eg kan late som eg heiar på favorittlaget ditt og lage hotdog og hente øl til deg når du ser kamp (med mindre eg er på øving). Eg trur det betyr at eg er bra konemateriale.

Eg vil ikkje gifte meg, det er jo ikkje det, eg vil berre vite om det finst ein der ute som synest at det er greit at eg gjer slike ting som dette her, som ikkje synest det er for mykje. Eg vil berre vite om du synest at ei jente som aldri har vore på eit treningssenter, men har alle platene til Madrugada og samlar på fine setningar i ei lita bok er interessant, bra nok til å kontakte og kanskje ein dag bli glad i på den måten. For behovet for å ha ein spesiell ein i livet mitt blir berre større og større, og om eg kan lure skjebnen litt ved å lokke deg fram på denne måten, så gjer eg det.

For alltid kanskje din, i alle fall for ei lita stund,

Ida Marie

**Dersom dette ikkje fungerer og ingen tar kontakt, har eg i det minste prestert å lire av meg oppskrifta på sosialt sjølvmord. Det er vel ei bragd det også, på eit vis.

LES OGSÅ: Den flygande strikkegensaren