Trening er ikkje forgjeves i jula

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje ein britisk studie, kan trening motverke negative effektar på forbrenninga i kroppen, sjølv om du på same tid et så mykje at du likevel legg på deg, skriv Forskning.no.

26 menn i alderen 18 til 32 var med i undersøkinga og blei sett til å overete i ein periode på sju dagar. Deltakarane var i utgangspunktet i god fysisk form.

LES OGSÅ: Vil på jakt i romjula

Halvparten av gruppa blei sett på eit program med redusert fysisk aktivitet. Desse gjekk med skritteljar og fekk gå maks 4000 skritt om dagen, samstundes som kaloriinntaket skulle auke med femti prosent. Den andre halvparten av gruppa, skulle vere fysisk aktive, og blei bedne om å trene 45 minutt på tredemølle kvar dag.

LES OGSÅ: Her er julesongane musikk-Noreg høyrer på

Den delen av gruppa som trente, fekk ein diett med enda fleire kaloriar enn gruppa som ikkje gjorde det. Dietten skulle dekkje det auka behovet for kaloriar som gjekk med til treningsøktene. Begge gruppene gjekk opp i vekt, noko som også var meininga med studien.

Blodprøver og andre testar viste korleis kroppen deira reagerte. Deltakarar som ikkje trente, blei mindre følsame for insulin. Det kan på sikt gi insulinresistens, som heng saman med overvekt. Studien viste at cellene i kroppen reagerte dårlegare på insulin etter berre sju dagar med høgt kaloriinntak. I gruppa som trente dagleg, var det ikkje ein slik negativ effekt, skriv Forskning.no.

LES OGSÅ: Nyttårsrakettane kan vere helsefarlege