Fleire døyr utan bilbelte

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

44 fleire drepne i trafikken

Fem personar omkom på vegane 2. juledag. Dermed har 189 personar omkomme i trafikken hittil i år, 44 fleire enn i heile fjor, ifølgje Trygg Trafikk. Auken er på over 30 prosent.

Jan Johansen, direktør i Trygg Trafikk, strekar under at dette er førebelse tal. Han peiker også på at det er vanskeleg å seie kvifor vi har så mange fleire dødsulykker i år enn dei førre åra.

– Tala for både i fjor og året før var overraskande låge, så mange var nok førebudd på ein auke i år. Men at den skulle bli så stor, er verre enn frykta, seier Johansen til NTB.

Talet på trafikkdøde har gått jamt nedover dei siste fem åra, men i 2013 går utviklinga altså motsett veg.

Med dei fem som mista livet i to trafikkulykker i høvesvis Akershus og Sogn og Fjordane 2. juledag har den dystre statistikken komme opp i 189 omkomne.

– Årsakssamanhengar er vanskeleg å peike på heilt konkret, ofte er det eit veldig samansett bilete, seier Johansen til NRK.

– Det vi veit, er at det er fleire over 45 år som dør enn før, og at fleire enn tidlegare, dør utan bilbelte, seier Johansen, som støtter åtvaringa mot å leggja i veg på glatte vegar.

– Ja, det har vore sagt både frå politiet og Statens vegvesen, og det er jo slik det ofte er oss sjølv det kjem an på. Sett ned farten, og gjerne langt under det vi er vane med, seier han. (©NPK)

Les meir om trafikktryggleik her!