God tysdag

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: God tysdag

Kanskje er du ein av dei som synest det blir litt mykje. Litt masete. Litt krampaktig. Litt mykje pynt. Litt for mykje masing om gåver. Litt for mange ting som berre må vere slik dei er fordi dei alltid har vore slik.

Litt for mange versjonar av «O helga natt».

Men sjå det på denne måten: Kva er alternativet? Kva er alternativet til julaftan i dag, for eksempel? Viss det ikkje hadde vore julaftan i dag, kva hadde det då vore?

Tysdag.  

Er det så mykje betre?  Endå ein tysdag? Den femtiførste i år?  

Treng vi verkelig fleire tysdagar?  

La oss slå dette fast: Tysdag er ein meiningslaus dag. Og har alltid vore det. Alt som elles er litt meiningslaust, blir ekstra meiningslaust på tysdagar.  

Eg trur tysdag blei funnen opp for at folk ikkje skulle ta for mykje av. Viss folk hadde det for bra og tenkte at livet er verkelig ikkje så verst, så skulle folk vite at ja, men snart er det tysdag. Og det er neimen ikkje mykje hyggelig.  

Dei andre dagane i veka er det jo noko med. Måndag er begynnelsen på noko. Onsdag er lille laurdag. Torsdag er det snart helg. Det er helg, faktisk, for veldig mange. Det er veldig mange no som ikkje jobbar på fredagar. Så helga begynner faktisk på torsdag. Og fredag, laurdag og søndag er det jo skikkelig helg.  Men tysdag?  Eg hugser frå oppveksten at på tysdagar var det aldri noko å glede seg til. Det skjedde aldri noko bra på ein tysdag.  

Til og med NRK hamra inn at på tysdag skal vi i alle fall ikkje kose oss. Eg beklager til alle lesarar som er ein del år yngre enn meg. De er sikkert veldig lei av å høyre sånne som meg snakke om at den gongen då vi vaks opp, då var det berre ein tv-kanal, som gjerne viste program om sjeldne sauesjukdommar og bilproduksjon i Aust-Europa i beste sendetid.

 Men det er sant. Sånn var det.  

Men! Det er også sant at kvar dag så hadde NRK ei lita gåve til oss. Eitt program som var heilt på grensa til å vere underhaldande. Måndag var det film. Onsdag var det komikveld. Torsdag var det sport. Fredag var det krim. Laurdag tok det heilt av. Då var det selskapsleikar og spørjekonkurransar og pengepremiar. Det var heilt sjukt. Søndag var det sport igjen.

 Og på tysdag?  

På tysdag var det fjernsynsteater.  Det har blitt vitsa mykje om fjernsynsteater, og det kan verke krampaktig folkelig å synest at det er dumt å vise teater på tv. Men problemet med NRKs fjernsynsteater var jo ikkje at det at det var teater. Eg liker teater. Og eg ville nok ha likt det den gongen også, viss dei berre hadde gjort så mykje som eit ørlite forsøk på å få oss til å like det.  

Det gjorde dei ikkje. Fjernsynsteatret var ikkje ei utstrekt hand frå kultur-Norge til folket. Fjernsynsteatret var verkelig ikkje ein sjarmoffensiv. Innstillinga til dei som laga fjernsynsteater, var: Dette er teater. Viss du ikkje liker det, så kan du dra til helvete.  

Dette såg vi på. Medan vi åt fisk, gjerne. For tysdag var sjølvsagt fiskedag også. Som om det ikkje var ille nok frå før. Tysdag åt folk fisk. Ikkje fordi dei likte det. Eller fordi dei ville. Men fordi du skal ete fisk. Innstillinga var: Dette er fisk. Viss du ikkje liker det, så kan du dra til helvete.  

Og fisken på tysdagane blei helst servert på ein sånn måte at du ikkje kunne klare å forveksle dette måltidet med ein fest.  

Plukkfisk, for eksempel. Det er ein tysdagsidé.  Det er mange måtar å tilberede fisk på. Du kan grille han heil, med urter og sitron i. Du kan steike han.  

Eller du kan plukke han frå kvarandre og knørve han og helle tjukk kvit saus over og servere han på ei seng av generell misnøye. Og ete han medan du ser eit tv-program der ein anerkjent norsk skodespelar står i eit tomt rom og ser ut i lufta, iført ein sekk.

 Det er ein grunn til at tysdag er den store møtedagen. Viss du skal ha eit møte der ei av sakene er evaluering av søknad om utsetting av behovsprøving av tilbakeverkande støtte til utgreiing av evaluering, så må du ha det møtet på ein tysdag. Det er berre på tysdagar at nokon kan finne på å oppleve eit slikt møte som ei kjærkommen avveksling.  

Så gløym aldri at alternativet er endå ein tysdag.  

God jul då.

Fyrst publisert i Aftenposten