Den globale Austen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Temabok: Globaliseringsboka  

Forfattar: Teresa Grøtan  

Forlag: Samlaget  

Utgjeve: 2009  

Globalisering er eit kjempestort omgrep – det omhandlar faktisk ting som går føre seg over heile kloten og korleis desse tinga går føre seg og heng saman: Globalisering oppstår når økonomisk liberalisering , teknologisering og internasjonalisering samtidig verkar… Ikkje heilt enkelt å få tak på utan vidare, men i Globaliseringsboka tek Teresa Grøtan oss med vidare.  

Ho startar i Bergen der ho har utsikt over konteinarhamna frå leilegheita si, før ho set seg på flyet austover for å undersøke kva globaliseringa har gjort for menneske i India og Bangladesh. I India bur ho hos fru Singh. Den eine leigebuaren hennar, Ali, er høgt utdanna og har jobba for Lehman Brothers i USA. Som følgje av finanskrisa – som både skuldast og påverkar globaliseringa – er han no tilbake i India. Singhs eigne born, to døtrer, er no gifte med menn dei har funne på nettstaden www.marriage.com. Eit døme på korleis teknologi og tradisjon vert kopla saman.  

Grøtan skildrar globalisering som ein del av kvardagen og naturlege situasjonar på ein måte som fungerer særs godt. Tekstilindustri, call-senter og mikrofinansverksemder – verksemder Grøtan har vitja – har vokse fram av globaliseringa og har hatt mykje å seie for utviklinga i Austen.  

LES OGSÅ: Verda blir mindre fri

Vanskelege omgrep vert kort greidd ut i eigne kapittel, medan det er Grøtan si reise som utgjer ramma for boka. Midt i boka finn ein bidrag frå fleire kjende personar, der dei svarar på korleis globalisering påverkar deira arbeidsfelt. Mellom andre skriv Kristin Clemet om korleis kunnskap om utdanning gjev større moglegheiter og Knut Nærum om globaliseringa sin innverknad på kva folk synast er morosamt. Ingeborg Gjærum skriv at ”globalisering kan være noe skikkelig dritt for naturressursene,” men samtidig også verte løysinga på miljøproblema.  

Globaliseringsboka gjer eit innblikk i kva globalisering inneber, men gjev ikkje noko svar på om det er bra eller dårleg. Både positive og negative sider vert omtala. Forfattaren skildrar observasjonar og opplevingar ho har i samband med bokprosjektet godt krydra med underbyggjande fakta.  

Teresa Grøtan skriv personleg, både om si eiga ”globale utvikling” og reisa til Austen, men ho balanserer godt mellom eigne opplevingar og tung informasjon. Globaliseringsboka er derfor underhaldande og lett å lese. Ho gjev lesaren god innsikt i kva globalisering er og har stort potensial til å skape engasjement for saka.

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!