Ribba kan forsvinne frå julemenyen fordi ho er for billig. I første omgang gjer priskrigen at vi ikkje synest juleribba smakar like godt lenger.

NPK
NPK

I fjor gjennomførte seniorforskar ved Nofima Margrethe Hersleth og Valérie Lengard Almli ei gransking om tradisjonsmat, og fann ut at haldningane som norske forbrukarar har til denne maten heng sterkt saman med prisen, skriv Forskning.no.

LES OGSÅ: Jul gjennom tusen år

Spøkar for ribba
Dersom ribbe-priskrigen held fram år etter år, så kan det spøke for heile juleribba, meiner dei.

– Norske forbrukarar har høgare betalingsvilje på matprodukt som er tradisjonelle og som vert etne sjeldan. Er ikkje maten dyr, så kan han også miste statusen sin som tradisjonsmat på sikt, seier Valérie Lengard Almli.

– Det kan etter kvart bety at svineribba forsvinn som julemat og blir erstatta av annen mat, åtvarar Hersleth.

LES OGSÅ: Ønskjer seg ingenting til jul

Angrep på matkulturen
Ho ser på prisdumpinga til daglegvarekjedene som eit angrep på norsk matkultur. Det er viktigare for kjedene å få folk inn i butikken enn å ta vare på tradisjonar og kultur. Prisen på tradisjonsmat heng saman med imagen og eksklusiviteten til eit produkt. Dette er viktig for mange forbrukarar.

I ei verd av grisebillig ribbe kan det for nokre vere lett å trekkje slutninga at det vi plukkar opp frå frysedisken på grunn av prisen, ikkje smakar like godt som ferskt kjøt med full pris. Iallfall trur vi ikkje at det smaker like godt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE