Liv Ullmanns ærespris til Torill Kove

Under feiringa av sin eigen 75-årsdag, delte jubilanten ut æresprisen til animasjonsfilmregissør Torill Kove.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får Ullmanns ærespris

I samband med Liv Ullmanns 75 årsdag måndag 16. desember, vart skodespelaren og regissøren heidra med foredrag, filmframsyningar og fest i Trondheim. Under festen på Rockheim-museet vart Liv Ullmanns ærespris del ut.

LES OGSÅ: Feirar 100 år med norsk animasjon

Stemma til Ullmann
Det var ein glad jubilant som kunne dele ut prisen til den norsk-kanadiske regissøren og animatøren Torill Kove, skriv Norsk Filminstitutt i ei pressemelding.

Dei to har arbeidd saman tidligare, då Kove regisserte Oscar-vinnaren Den danske dikteren, der Ullmann har forteljarstemma.

Kove, som er fødd på Hamar, arbeider no i Canada som bok-illustratør og animasjonsfilmregissør.

55-åringen fekk mykje merksemd då kortfilmen Min bestemor strøk kongens skjorter vart nominert til Oscar i 1999. Filmen var ein norsk-canadisk produksjon basert på hennar eiga bestemors opplevingar under 2. verdskrıg i Noreg.

LES OGSÅ: Satsar på animasjon på Dovre

Langfilmdebutant
I 2007 kom Den danske dikteren, som gjekk heilt til topps og vann Oscar i klassen for korte animasjonsfilmar. Nyleg fekk regissøren sin langfilmdebutert med Hokus Pokus Albert Åberg

Liv Ullmanns Ærespris er eit samarbeid mellom Den norske filmfestivalen, Norsk filmforbund og Norsk filminstitutt (NFI). Prisen vert annakvart år delt ut til ein kvinnelig filmkunstnar som har utmerka seg med talent og et kunstnarleg engasjement i norsk film eller fjernsynsdrama. Vinnaren får eit stipend på 100 000 kroner.

Faktaboks

 Tidlegare vinnarar:

• 2006: Skodespelar Ane Dahl Torp.

•  2008: Filmregissør Anja Breien

•  2010: Regissør Margreth Olin