«Selfien» er gamalt nytt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den amerikanske presidenten gjer det. Det same gjer den danske og den britiske statsministeren. For nokre dagar sidan kasta i tillegg Erna Solberg seg på trenden, og foreviga seg sjølv saman med to profilerte politiske journalistar, før ho med eit tastetrykk inviterte Instagram med på julebordet til Stortingets presselosje.

Såkalla «selfies» har vore i vinden dei siste vekene. Ikkje minst vart ordet nyleg kåra til «årets ord» av Oxford English Dictionary. Men å ta bilete av seg sjølv er ikkje eit fenomen som starta med Facebook og Instagram.

LES OGSÅ: Her er årets ord

Den første «selfien«i historia
I 1839 gjorde denne mannen den første «selfien» i verdshistoria til eit faktum:

Amerikanaren Robert Cornelius står bak det historiske portrettet, ifølgje Adressa.no. Han arbeidde mellom anna med sølvlegging i lampebutikken til far sin. Cornelius byrja å eksperimentere med det då rykande ferske fotografiet, etter at ein kunde bestilte ei sølvlagt plate for fotografisk bruk.

Cornelius vart altså litt av ein trendstartar, men arbeidde under noko andre tilhøve enn i dag. På det tidspunktet måtte «filmen» verte eksponert i opptil 15 minutt, og motivet måtte sjølvsagt stå heilt i ro medan eksponering pågjekk.

LES OGSÅ: «Digital detox» i Oxford-orboka

Vi har alltid dokumentert oss sjølve
Sjølv om Cornelius var den første som avbilda seg sjølv fotografisk, stikk røtene til «selfien» endå djupare.

Ib Bondebjerg er professor i film- og medievitskap ved Universitetet i København. På Videnskap.dk fortel han at «selfie» er like gammalt som fotografiet og filmen i seg sjølve. Vi har alltid teke bilete av oss sjølve og våre nærmaste, ifølgje Bondebjerg.

Bondebjerg peikar i tillegg på at kjerna i «selfien» strekk seg endå lenger tilbake. Det første kjende visuelle sjølvportrettet er frå 2.530 år før Kristus, då ein egyptar teikna seg sjølv inn i ei tekning på ein pyramide. I målarkunsten har sjølvportrettet ein lang og stabil tradisjon, og den litterære sjølvbiografen har eksistert i over tusen år.

Det originale biletet finst i biblioteket til den amerikanske kongressen.

Ifølgje Bondebjerg har også vi alminnelege dokumentert våre liv i lang tid, gjennom brev, dagbøker og private fotoalbum. Sjølv om det openbart er nytt at ein via digitale medium kan dele sine private historier og bilete med ei breiare offentlegheit, er altså ikkje denne forma for kommunikasjon skapt av dei nye media eller den nye teknologien.

LES OGSÅ: Ein finger med i biletet