Vossa Jazz 2013 best i verda

Den internasjonale jazzskribenten John Kelmann har vore på over 125 jazzkonsertar i sju land i år. Dei tre han likte best, skjedde på Voss.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vossa Jazz på eksklusiv liste

John Kelmann skriv for det internasjonale tidsskriftet All about jazz, og er ein anerkjent nestor innan jazzjournalistikken.

I løpet av året har han vore på tolv ulike festivalar i sju land, og fått med seg over 125 konsertar.

LES OGSÅ: Linda Eide til Vossa Jazz 

Eksklusiv liste
No har Kelmann sett opp ei eksklusiv liste over dei 25 beste konsertane i år. Tingingsverket til Stian Carstensen er plassert heilt på topp. Den nest beste konserten var med Sinikka Langeland Ensemble på Vossa Jazz og jammen tek ikkje vår eigen jazzfestival storeslem, for den tredje beste konserten var med Trio Mediævel og Berit Opheim på

Vossa Jazz
– Heilt vanvittig å vera på dei tre fyrste plassane, strålar dagleg leiar Trude Storheim.

Og legg til: – Det er utruleg at tingingsverket til Carstensen er på topp. Vossa Jazz i år var også 40-årsjubileum, og årets festival er omtala som mellom dei beste. Det blir også stadfesta av John Kelmann si svært eksklusive liste.

På plassane bak konsertane på Voss finn me Club Soda i Montreal i Canada, Jakob Bro på ELBJazz i Hamburg og Nils Petter Molvær/Jan Bang/Trilok Gurtu på same staden.

Me må heilt ned til 14. plass på lista før me finn ein konsert frå Molde Jazz.

– Nyskapande
– Vossa Jazz satsar mykje på nyskaping, og det er veldig flott at dette blir lagt merke til internasjonalt, seier Trude Storheim. Ho fortel at alle dei tre konsertane som Kelmann har sett på topp, var urframføringar under festivalen. 

Saka var først publisert i Avisa Hordaland.