Vi blir svinaktig sinte i forsvaret for marsipangrisen. Kor blei det av offerviljen i all julestria?

mm

Medan «kampen» om marsipangrisane har gått føre seg i Noreg, har eg vore i Sverige. Debatten starta etter at humorsida Nasjonens øye låg ut ei fiktiv nyhendesak om korleis regjeringa skulle erstatte marsipangrisar med marsipangrevlingar for å unngå å støyte etniske minoritetar. Det var ikkje alle som forstod spøken, og kommentarfeltet under saka blei raskt fylt av sinte kommentarar retta mot «utlendingar» som skulle øydelegge jula.

I kommentarfeltet reagerer Ernst Olsen sånn på «framlegget»: «Nå får det FAEN meg bli slutt, er det VI, i eget land som SKAL respektere deres kultur? Eller er det de som MÅ respektere våres kultur??????????? Når må våres Norske jenter / damer iføre seg burka??????? Er denne regjeringen også helt på tryne????»

Heilt kva som var i vegen med ein marsipangrevling har eg ikkje forstått, men det var tydeleg at det var så viktig for folk å behalde marsipanen i griseform at dei lett gjorde seg svinaktig sinte i forsvar for søtsaka.

Saka på Nasjonens øye var satire, men underleg nok blei eg var ei liknande sak her i Sverige. I fjor raste debatten om peparkakemenn og peparkakekvinner, etter Laxå kommune hadde forbydd dei. Ikkje i sin heilskap, men i høve Luciafeiringa. For i svenske Luciatog har det tydelegvis vore vanleg med peparkakemenn og -kvinner i toget, i tillegg til dei kvitkledde stjernegutane og -jentene.

Saka skapte ein storm av både sinne og latterleggjering i svenske medium. At bakgrunnen for forbodet var å hindre hån av mørkhuda, bidrog til å opprøra folk. No fekk det vere nok omsyn til desse utlendingane! Dei fekk ikkje kome her og kome her, og endre svensk kultur! 

At tradisjonen har vore ukoseleg for mørkhuda barn, var det få som tok på alvor. Korleis er det å kvart bidige år få bekrefta at ein står på utsida, fordi ein opplever at kvite barn synger vi er så brune, så brune (som dei synger i peparkakesongen), eller fordi ein aldri får vere korkje Lucia med lys i håret eller stjernegut? At hudfarga deira gjer at dei aldri får ta same del som dei andre barna?

Men det er klart, å ta omsyn til desse mørke barna, det er vel latterleg. Dei får vel bite seg i det, vi må vel trass alt verne om våre tradisjonar. For ein ting har nordmenn og svenskar til felles: Når det kjem til jula blir vi ofte både meir nasjonalistiske, rasistiske og religiøse enn vi elles er. Vi skal verne om våre tradisjonar, som vi ser som norske og svenske, gjerne fordi vi ser på desse tradisjonane, og i det heile vår kultur som truga, av dei, desse som har ei anna hudfarge, nasjonalitet, religion eller etnisitet.

Det nyttar sjølvsagt ikkje å påpeike at jula korkje er særnorsk eller særsvensk. At det vi feirar er ei multikulturell suppe: Vi feirar fødselen til eit barn frå Midt-Austen, vi feirar norrønt «jolablot», vi har ein italiensk nisse, eit tysk juletre og amerikanske julestrømper. Det er sjølvsagt heilt greitt, eg er glad i multikultur fordi det tydar at vi saman kan lage dei tradisjonane vi er glade i, og ikkje er låst fast til eit opphav. Det gjev oss fridom og fleksibilitet.

Og makt, så klart, makt til å importere dei tradisjonane vi ønskjer, og til å blokkere dei vi ikkje vil ha. Blant alle dei som hissar seg opp over korleis utlendingane trugar norsk kultur har eg sjeldan høyrt ein klage over invasjonen av amerikanske tradisjonar som halloween eller valentines day. Etniske nordmenn skal vere frie til shoppe den kulturen dei vil, medan dei som innvandrar hit ikkje har den same sjølvsagte fridomen til å blande den kulturelle smågodtposa dei ønskjer.

Det ironiske med det heile er at det verkar som vi, i all vår sjølvgode tradisjonselsk, heilt har gløymd at jula tradisjonelt har handla om offer. Under det norrøne Julablotet ofra ein til gudane ved midtvinter (14. januar) anten til Frøya, gudinna for fruktbarheit, eller til sola, for å få sommaren attende. I den kristne julefeiringa feirar vi at Gud gjev oss Jesus, sin son, så han seinare kan døy på krossen for våre synder. Gud gjer seg sjølv til menneske, for å ofre seg for oss. 
Når empati og offervilje er så sentralt i jula, skulle ein kanskje tru at julefeiringa medførte at vi sjølv tenkte litt over kva vi kunne ofre for andre, som gjerne er i meir vanskelege posisjonar enn oss sjølve. Men det har vi visst ikkje så lett for.
Det er skremmande å tenkje på det raseriet og den kampviljen enkelte av oss mønstrar opp om nokon ber oss endre tradisjonane våre litt, for å kunne inkludere fleire. No var marsinpangrissaka heldigvis tull, og mange skjønte spøken. Det var flaks, for då slapp vi alle å gjere oss til svin i kampen for å ta minst mogleg omsyn til andre i julefeiringa.

Teksta var først publisert på Magasinett.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE