Rasmus Rebellen
Øystein Orten
Samlaget
300 s.
Terningkast: 4
Det er 1650. På Sunnmøre og i Romsdal blir bøndene tyna meir og meir av aukande skattar og korrupte futar. Bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust har overlevd krig, svolt og okkupasjon, og nektar å la seg kue. I staden manar han folket til kamp mot overmakta. Dette gjer han til eit utsett mål for myndigheitene, og resten av sitt liv lever han i søkjelyset til den politiske overmakta.
Historia om Rasmus Engelbrektsson Bust kjem i stand ved peisvarmen. Sitjande ved bålet manar fostersonen Aslak fram portrettet av ein rettvis mann med eit stort hjarte: Bondeføraren som tok han til seg og oppdrog han som sin eigen son. Og nettopp dette store hjartet karakteriserer han dei kalla Rasmus Den Store, som gjennom heile livet kjempar småkårsfolket si sak.
Bøndenes kamp
Øystein Orten (f. 1962) er lektor og forfattar frå Hareid på Sunnmøre. Han debuterte med Havflammen i 1995 og har seinare skrive både lyrikk, romanar og ei dokumentarbok. Hovudpersonen i Rasmus Rebellen er ein forfader av forfattaren sjølv.
I dette litterære portrettet målar Orten eit landskap der den historiske bakgrunnen er svært nøyaktig i alle detaljar. Lesaren får på nært hald oppleve 1600-talet og kampen bøndene måtte kjempe mot naturen på kysten og den politiske overmakta. «Vi ropte mot havet. Vi ropte mot vinden. Kva kunne vi små moldknølar gjere for å skape eit utkome vi kunne leve av. Kva var Kongens. Kva var bondens.»
Horer, madonnaer og arbeidsjarn
Ortens språk er detaljert og poetisk og somme stunder ein fryd å lese: «Eg veit verkeleg ikkje korleis alle ting heng saman. Eg kjenner ikkje staden der dei ulike orda fell på plass og openberrar seg som forklaringar. Mest alt i menneskelivet er slump og tilfelle. Avstandane er så små mellom det som er tenkt, og det som er ugjort.» Slike setningar etterlet ikkje tvil om at forfattaren har både lyrikk- og novellesamlingar bak seg.
Eg kan heller ikkje la vere å henge meg opp i korleis Orten skildrar dei kvinnelege karakterane i boka. Også kvinnene speglar tida romanen er sett i – og i biroller vekslar dei mellom å vere horer, madonnaer eller ganske enkelt nødvendige arbeidsjarn. Til dømes blir Rasmus si andre kone skildra på denne måten: «Han har sett halve verdas kvinner. Ferme var jentene i Amsterdam. (…) Ingen kunne måle seg med den unemnelege Suzanna. Men dette er òg ei gild kvinne. Knapt over ekteskapsalder. Og barnlaus. Eit fornuftig parti, ville mange seie.»
Manglar spenningsmoment
Det er ingen tvil om at Orten med krig, svolt og okkupasjon som bakteppe, har laga eit truverdig tidsbilete av Noreg og Norden sett frå Sunnmøre og Romsdal. Men trass i eit rikt språk og presise historiske skildringar: Rasmus Rebellen er akkurat slik eg forventar at ein historisk roman skal vere – og det kjedar meg litt. Spenningsmomenta blir rett og slett for få. Sjøreisene i Engelbrektsson Bust sin ungdom les eg om med stor interesse, men dei seinare reisene hans til København druknar for min del i føreseielege hendingar og karakterskildringar. Kanskje avslører forteljinga for mykje for tidleg, eller så forstyrrar det komplekse universet min empati for protagonisten. Rebellen vil nok likevel appellere til alle som vil lese eit historisk portrett og som er interesserte i norsk historie.
Les fleire bokmeldingar her!