Arbeidsinnvandring gav kyrkjedobling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette viser ein fersk statistikk frå Statistisk Sentralbyrå.

Talmessig har Den romersk-katolske kyrkja auka mest – frå 57.348 medlemar i 2009 til 121.130 medlemar i 2013. Det er meir enn ei dobling.

Ingen andre kyrkjesamfunn er i nærleiken når det gjeld nominell vekst, men prosentmessig har også Den ortodokse kyrkja, Den islandske evangelisk-lutherske kyrkja og den svenske Margaretaförsamlingen vakse mykje – noko vi kan forklare med ei betydeleg arbeidsinnvandring frå  Aust-Europa, Island og Sverige.

Den ortodokse kyrkja har auka medlemstalet frå 7.664 til 12.959 på fem år.

Den svenska Margaretaförsamlingen har gått fram frå 15.574 til 20.901 medlemar, medan Den islandske evangeliske lutherske kyrkjelyden har auka frå 2.775 til 6.634 medlemar. Islendingane står dermed for den største prosentvise framgangen med godt over ei dobling.

For andre kyrkjesamfunn er utviklinga moderat.

Totalt sett har talet på medlemar i kristne kyrkjelydar utanfor Den Norske Kyrkja auka frå 234.772 til 312.925 på desse fem åra.

NB: Tala gjeld dei kyrkjelydane som har registrert seg og kjem inn under den offentlege tilskotsordninga.

Les saka på Vikebladet.no!