Språkåret som ikkje ville ende

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skype-stunt redda kvelden

Tittelen på avslutningsprogrammet for Språkåret 2013 var «Året som aldri sluttar». Det var det berre så vidt det gjorde.

Fredag kveld var det duka for storstilt avrunding av jubileumsåret i Ivar Aasen-tunet i Ørsta, men vêret sette kjeppar i hjula for arrangørane.

Trøbbel i flytrafikken
Det var orkan i kasta på fleire av dei lokale flyplassane. Først meldte folkemusikar Sigrid Moldestad avbod fordi ho ikkje kom seg til Sunnmøre. Musikar Liv Håker frå Vestnes stilte då opp som erstatning.

Arrangørane kunne ikkje anna enn å krysse fingrane for at gjester og resten av artistane kom seg til Ørsta/Volda.

Gjestene var invitert frå fjern og nær, og over 100 billettar var seld, noko som betyr at salen var nesten full. Grunna endringane i programmet vart avslutningsfesten gratis.

Suksess-Skype
Timar før festen melde både Brageprisvinnar Brynjulf Jung Tjønn, artist Pål Moddi Knutsen og konferansier Ida Habbestad avbod. Dei stod alle fast på Oslo lufthamn – saman med ein publikummar og Framtida.no.

Dei tre vart likevel med i programmet på Aasen-tunet via Skype-samtale frå eit kontor i Oslo. Frå lokala til Den norske kirke spela Moddi eit par låter på Senja-dialekt frå det kritikarroste albumet «Kæm va du?» og Brageprisvinnar Tjønn leste frå den vakre og triste ungdomsromanen «Så vakker du er».

Artisten Moddi har med det spela sin første og til no einaste Skype-konsert. Det gav meirsmak.

Prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk og Jannicke Velsvik, som er produsent for Språkåret, kunne melde om god stemning òg i andre enden av videosamtalen.

Nokre seter stod tomme fordi folk ikkje kom seg opp, men salen var likevel nesten full.

– Sidan me hadde meldt om endringar i programmet visste ikkje folk heilt kva dei fekk, difor tykte dei det var veldig gøy at dei var med på Skype, fortel Velsvik, og legg til:

– Me krisemaksimerte heile dagen, det var difor kjekt at det gjekk så bra.

Produsenten tykte det var både sporty og kreativt at Moddi, Tjønn og Habbestad tok initiativ og stilte opp på Skype.

Les fleire språksaker her!

– Året held fram
Nokre postar på programmet var likevel uendra. Det vart opplesing av sørsamiske dikt og Eira Söderholm frå Nord-Finland var tilstades for å fortelje om arbeidet sitt med å skrive ned kvensk grammatikk.

Gjestene fekk òg presentert ei rykande fersk undersøking om korleis Språkåret har fungert. Det kom fram at under halvparten av det norske folk var klar over at det har vore språkår i år.

Som tittelen «Året som aldri sluttar» avslørar, var avslutningsfesten for Språkåret 2013 ikkje ei verkeleg avslutning.

– Avslutninga markerer symbolsk at vi alle er språkbrukarar og at året held fram, seier Sæterbakk i ei pressemelding.

Les fleire saker om Språkåret her!