Difor må me følgja med på Ukraina

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar som samla seg i rolege demonstrasjonar blei slått ned av opprørspolitiet. 35 blei arrestert og meir enn 50 blei såra. Ifølgje Centre for Civil Liberties er framleis 14 sakna. Dette skjedde sist helg i Europas tredje største land. Valdsbruken har ført til at endå fleire vender seg mot presidenten.

President Viktor Janukovitsj sendte Ukraina inn i ei djup politisk krise då han for vel to veker sidan brått nekta å underteikna to omfattande avtalar som ville gjort Ukraina til eit assosiert medlem av EU. Kvar dag sidan har det vore demonstrasjoner på Uavhengigheitsplassen i Kiev. Demonstrantane har tatt kontroll over delar av sentrum, inkludert Uavhengigheitsplassen og rådhuset.

Søndag 1. desember var det over 300.000 deltakarar i demonstrasjonen. Dei krevde at presidenten måtte gå.

– På ein plakat stod det ”de kan ikkje stengje oss ute frå Europa, for me er Europa”, fortel Ane Tusvik Bonde. I vekedagane har demonstrasjonane vore noko mindre, sidan mange har vore jobb – men enno er det mange som deltek.

Då ho drog frå Ukraina torsdag var det fredelege demonstrasjonar.

– Opposisjonen er veldig flinke til å verna om demonstrasjonane, slik at dei held seg fredelege. Det er veldig godt organiserte forhold.

Ei ny utvikling er at styresmaktene har sett opp ein motdemonstrasjon som støttar Viktor Janukovitsj.

– Dei er veldig aggressive, og svertar folka på Uavhengigheitsplassen. Desse blir verna av politiet, mens det ikkje er noko politi rundt Uavhengigsheitsplassen – berre politi for å verna offentlege bygg, fortel Tusvik Bonde.

LES OGSÅ:Ukrainarar rasar mot ny språklov

Åtvarar mot vakuum

Ministerrådsmøtet i Organisasjonen for samarbeid og sikkerheit i Europa (OSSE) byrja torsdag, og avsluttar fredag. Ane Tusvik Bonde trur politiet vil vera forsiktige med vald når alle utanriksministrane er i Kiev.

Ho bed resten av Europa om å følgja med på situasjonen i landet.

– Personar forsvann sist fredag. Ein veit ikkje kvar desse er. Me håpar på å få ei liste over kvar dei kan vera, seier ho.

Korleis trur du dette vil utvikla seg?

– Det er intenst innimellom. Sjølv om det ikkje har vore slike situasjonar som natt til sundag. Det avheng mellom anna av korleis OSSE følgjer opp. At ein krev lauslating og rettferdige rettergangar. Det er veldig viktig at ein følgjer opp, slik at det ikkje blir eit vakuum etter at alle dreg heim frå OSSE-møtet. Me meiner at OSSE bør senda ei eiga gruppe som kan dra til Kiev og møta offer for politivald.

Kan det bli ein ny revolusjon, ni år etter Oransjerevolusjonen?

– Dei kallar det ein revolusjon allereie. Folk sa til meg, ikkje dra no, revolusjonen er i gang. Det er ikkje slik at det berre er fagrørsla eller studentar som demonstrerer. Det er folk frå mange lag som støttar demonstrasjonane.

Ane Tusvik Bonde er usikker på korleis det utviklar seg.

– Fleire trur protestane kan debba av når den strenge kulda kjem.

LES OGSÅ:Babi i Baku – skaphomsen

Beklagar valdsbruk

Ukrainarane har beklaga valdsbruken etter sist helg. Landet har ikkje nokon god statistikk på etterforsking av politivald og tortur. Av 3600 klagesaker, blei berre tre prosent av sakene sendt vidare, ifølgje Tusvik Bonde.

– Det er ein generell kultur at ein ikkje tar tak I dette. Ein må jobba langsiktig for å få til endring. Kor utbreidd tortur er, er eit kjempeproblem. Her har det å ha pressevest på seg gjort deg til eit mål. Journalistar har vore nøydde til å gå med hjelm, fortel Ane Tusvik Bonde. Det er registert 51 åtak på journalistar under uroa.

Human Rights Foundation og andre menneskerettsorganisasjonar vil ha ei uavhengig nasjonal og internasjonal gransking av valdsbruken sist helg – der ein stiller dei som er ansvarlege til ansvar.

Organisasjonen sender vidare til FN informasjon som dei får om brot på menneskerettar.

– Slik at dei kan etterforska vald mot journalistar og verna demonstrantar.

Organisasjonen hennar prøver òg å få ukrainske menneskerettsaktivistar til møte i EU, for å fortelja om situasjonen.

Human Rights Foundation jobbar med åtte ukrainske menneskerettsorganisasjonar – og står bak etableringa av eit menneskerettshus to timar utanfor Kiev – finansiert av norsk UD.

LES OGSÅ:Verda blir mindre fri

Viktig å vera til stades

Styresmaktene i Russland er sterke motstandarar av at Ukraina vender seg til EU og ønskjer heller at landet melder seg inn i tollunionen med Russland og diktatura Kviterussland og Kasakhstan. President Viktor Janukovitsj gav etter for presset frå aust og utsette underteikninga av EU-avtalen, noko som starta demonstrasjonane.

– Mange seier at dei ikkje vil tilhøyra Russland. Ukraina har tradisjonelt vore delt i spørsmål om Russland. No har mange reagert på valdsbruken, og derfor demonstrert. No har det blitt ein protest mot behandlinga av demonstrantane. Dei er òg leie av korrupsjon, rettsvesenet, mange seier at presidenten er ein banditt.

– Må landet velja mellom EU eller Russland?

– Eg tenkjer at det ikkje er nødvendig med eit anten eller. Ukraina er med i Europarådet og OSSE. Ein kan bruka andre organisasjonar enn EU som dei allereie er medlem i. Ukraina er eit mykje meir opent land enn Russland. I det siste året har det vore store innskrenkingar for det sivile samfunnet i Russland. Det er mange redde for korleis utviklinga i Ukraina vil bli. På den andre sida er mange irritert over opposisjonen. Mange saknar ein strategi for kva som skal skje etterpå. Folk seier at dei manglar gode leiarar.

Ane Tusvik Bonde meiner det er viktig å følgja med på situasjonen i landet. I ein kronikk på NRK ytring skriv ho at me skuldar demonstrantane som trassar kulda, dei frivillige som leverer mat og varme klede, og journalistane som har blitt skadde på jobb mens dei dekte demonstrasjonane, å sørgja for at dei ikkje blir gløymt.

– Ved å følgja med på det som skjer, kan me alle vera med på å hindra at situasjonen blir nemnt i same resignerte toneleie som når me omtalar situasjonen i Kviterussland.