Frå VM til ungdoms-OL

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er eit utruleg spennande arrangement. Eg har stort sett jobba med freestyle når det gjeld idrett, men no gler eg meg til å få jobba med alle OL-greinene. Ungdoms-OL er eit stort og vikitg arrangement, og for meg tyder det mykje å få vera med å bidra til auka rekruttering til vinteridrettane verda over, seier Kristin Lemme i ei pressemelding frå arrangørane av Ungdoms-OL på Lillehammer.

– Stor kompetanse

28 år gamle Kristin Lemme har mange års erfaring innan arrangement, m.a. frå fem år i Festival Voss.

Ungdoms-OL går av stabelen på Lillehammer, to veker i februar 2016. Det er venta over 1100 av dei beste vinterutøvarane i verda i aldersgruppa 15 til 18 år.

Administrerande direktør i Lillehammer 2016, Tomas Holmestad, er godt nøgd med at Lemme har sagt ja til jobben.

– Kristin har stor kompetanse når det gjeld arrangement for yngre. Ho veit kva som må gjerast, og ho har brei erfaring med å leia dugnadsarbeid. Voss har verkeleg markert seg med spreke arrangement som Ekstremsportveko og VM i freestyle, og med Kristin får me ein bit av denne kompetansen inn i Ungdoms-OL, seier Holmestad.

Les saka i Avisa Hordaland!