Me har spurt tre lesehestar som arbeider med litteratur om boktips til mor, far, vener og ein eventuell kjærast.

mm

– Eg gir alltid vekk litt bøker i julegåve, fordi det er så veldig personlig å gi vekk bøker, seier Mariell Øyre.

Ho er fotograf, bloggar og aktuell forfattar med boka & me skal bli omskapte, som er skriven saman med forloveden Jostein Avdem Fretland.

LES OGSÅ: Frå fjorden til metropolen

Blogg og litteraturformidling
Mariell Øyre er ein av dei leseglade Framtida har spurd om boktips for dei som gjerne vil gje ei lesaroppleving til nokon dei er glad i.

I tillegg har me spurt bokbloggar og litteraturskribent i Fædrelandsvennen, Kathleen Rani Hagen, og Lars Petter Sveen, prosjektmedarbeidar i Foreningen !les, som freistar å fremme lesing og litteratur for norsk ungdom.

LES OGSÅ: Kva er ei god bokopning?

– Kva bok ønskjer du deg sjølv til jul?

Mariell: – Eg vil lesa meir norsk litteratur i 2014, så eg har ønska meg alle Knausgård-bøkene (typiske eg-veit-dei-er-bra-så-da-utset-eg-det-bøker), Kjersti Annesdatter Skomsvold si siste (Litt trist mattematikk red.anm), alt av Stig Sæterbakken og fine barnebøker.

Kathleen: Fugletribunalet av Agnes Ravatn. Eg har berre lest gode ting om boka og gler meg til å lese ho. Det hadde difor vore noko å få til jul!

– Og En av oss av Åsne Seierstad, fordi eg skreiv meg opp på bibliotekets venteliste på den i går og er nr. 24 i køen.

Lars Petter: Den nye salmeboka til Den norske kyrkja, har eg lyst på. Og Anatol Lievens Pakistan – et besværlig land. Elles så får eg lest mykje gjennom jobben, og så låner eg på biblioteket. Eg kunne godt tenkt meg å få Alice Munros noveller, på norsk, ikkje i samleutgåve, men som enkelte bøker. 

Nathan Englanders Hva vi snakker om når vi snakker om Anne Frank, og Judith Hermans Alice, så kan du diskutere med mor om korleis noveller skal vere: Vakre eller bøllete.

LES OGSÅ: Alvorsprat med morosam dame

– Kva var den beste boka du las i år?

Mariell: Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold, fordi den er så bittelita og snakkar om dei største tinga i verda; livet, døden, kjærleik, einsemd og pikekyss. Ho har eit heilt eige språk og overraskar stadig, og det er noko eg verdset. Også elska eg Fugletribunalet av Agnes Ravatn, som er spennande med høg litterær kvalitet og fordi ho er så sabla flink til å skriva dialog.

Kathleen: – Det må bli Monstermenneske av Kjersti Annesdatter Skomsvold. Ho har mykje galgenhumor og det likar eg. Eg anbefaler denne til alle, og eg kjem til å lese ho igjen og igjen. Skomsvold er etter mi meining ein av Noregs finaste forfattarar i dag.

Lars Petter: Adam Johnson: Barnehjembestyrerens sønn. Alt kva ein kan ønskje av ein roman.

LES OGSÅ: – Nynorsk litteratur har aldri stått sterkare

– Kva bok vil du anbefale å gje mor og far?

Mariell: – I mitt tilfelle: akkurat det dei ynskjer seg, eller ingen. Men det er jo lov å prøva seg!

Kathleen:  – Til far ville eg gjeve Historia om Ivar Aasen av Ottar Grepstad. Pappa er interessert i språk og snakkar stadig vekk om at han må få lest den nye biografien om Ivar Aasen. Den ville eg gjeve han. Eller ei av dei tre bøkene i den nye biografien om Thor Heyerdahl, av Ragnar Kvam Jr.

Til mor er vanskeleg å svara på, sidan eg knapt har sett mi mamma med ei bok.

Lars Petter: – Kanskje Prosten av Jan Jakob Tønseth til far? Truleg ein av årets beste norske romanar, men forbigått i det stille av kritikarflokken, er eg redd. Eller Hvem er du, Alaska av John Green, så kan han oppleve ungdomskjærleiken og alt det der.

– Kva bok vil du anbefale å gje i venninnegåve eller til ein kompis?

Mariell: – I venninnegåve ville eg gitt vekk to eksemplar av den same boka og gåva var: bokklubb! I haust har eg hatt bokklubb med ei venninne og det har vore fantastisk fint. Eg anbefalar å kun lesa sånt som ein verkeleg har lyst til, på mi liste står alt av Helle Helle. Om ein treng litt drahjelp, les Extremely loud and incredibly close av Jonathan Safran Foer. Det er ein av mine favorittbøker.

Kathleen: – Thor Heyerdahl som tegner, utgitt på Flamme forlag. Eg har ei venninne som er like glad i Thor Heyerdahl som meg. Til ho ville eg gjeve denne boka med Heyerdahl sine teikningar eller allereie nemnte biografi.

Av skjønnlitteratur ville eg gjeve Lydia Davis novellesamling Det hun visste, rett og slett fordi det er noko av det beste eg har lese i år. Eller Dette burde skrives i nåtid av den danske forfattaren Helle Helle, omsett til norsk i år. Ho er ein av favorittforfattarane mine.

Lars Petter: Paul Murrays Skippy dør og Barnehjembestyrerens sønn av Adam Johnson. Så har vi noko å snakke om over ein god pils.

Saka fortset under biletet.


Mariell med forloveden Jostein. Ho foreslår eigne favorittbarnebøker til høgtlesing i kjærastegåve.

– Kva bok vil du anbefale å gje kjærasten?

Mariell: – Den finaste boka du veit om, som dei ikkje har lest, fordi det er så fint å snakka om bøker ein elskar med den ein elskar. Barnebøker ein elska som born som ein vil lesa høgt til dei på senga. Ingenting er så koseleg som det.

Kathleen: – Teikneserieromanen Jerusalem. Chronicles from the Holy Cityav Guy Delisle. Eg har berre hatt éin kjæraste i mitt liv og han las ikkje særleg mange bøker, bortsett frå teikneseriar og oppslagsverk. Dessutan var han over snittet oppteken av Midtausten. Boka kom ut i norsk versjon i år, Opptegnelser fra Jerusalem.

Lars Petter: – Hm. Kanskje biografien om C. J. Hambro, eller Natalie av David Foenkios? Eller berre Barnehjembestyrerens sønn. Ei god er ei god bok, også for kjærasten.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48
ANNONSE