Flekken på dressjakka

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Flekken på dressjakka

Nobelkonserten, konserten der Thorbjørn Jagland og Geir Lundestad prøver å klappe i takt, har fått kritikk. I år som alle andre år. Vanligvis får konserten kritikk for at trekkplastera er ganske gamle og ikkje har noko å seie meir. Denne gongen har konserten fått kritikk for at eitt av trekkplastera er ganske gammal og har altfor mykje å seie. Nemlig Morrissey.

Her er det nødvendig med ei forklaring til dei av mine lesarar som ikkje er over førti, som ikkje er kulturarbeidarar som eigentlig har lyst til å spele i band, og som ikkje kjende seg litt einsame og annleis i oppveksten: Morrissey er ein britisk artist som seier mykje rart. På åttitalet var han vokalist i bandet The Smiths, eit band som hadde ti-tolv fans i Norge, og dei har blitt forfattarar, heile gjengen.

Morrissey har verkelig sagt mykje rart. Meir enn rart. Han har sagt og skrive uhyrlige og groteske ting. Og han har fått fullt fortent kritikk for det frå fleire av oss som skriv i avisa.

Men det må vel seiast at vi frydar oss litt også.

Vi er nok ikkje stolte av det. Og vi kjem nok ikkje til å skrive det i avisa. Men vi gleder oss faktisk til denne nobelkonserten, til ei forandring. Denne gongen kjem vi jo faktisk til å følgje med. Vi kjem til å sitte der, ytterst på stolen, og studere dei nervøse blikka til komiteen når Morrissey går på scena.

Og vi håper at han seier noko vilt upassande. Det er det vi gjer.

Vi er ikkje stolte av det heller, naturligvis.

Men vi gjer det: Vi håper at han grip mikrofonen og seier at fredsprisen heller burde gått til verdens vegetarianarar som kvar dag til frukost, lunsj og middag reddar fleire liv enn alle fredsprisvinnarane til saman. Eller at han kallar Jagland og Lundestad for dyremordarar  som ikkje kan klappe i takt.

Og dette er ting denne mannen godt kan finne på å seie.

Og vi synest jo ikkje at det er spesielt stilig sagt. Det er ikkje det. Og vi er, som nemnt, ikkje stolte av dette. Men det er dette vi håper på. For alternativet er endå ein kjedelig konsert. Og er det noko vi som skriv i avisa verkelig ikkje liker, så er det å kjede oss. Det er det absolutt verste vi veit.

Slik er det mange som har det, naturligvis.

Det skjer jo ikkje mykje i Norge. Og det som skjer, har ein tendens til å skje på omtrent same måten kvar gong. Det er nok prisen ein betaler for å leve i eit ganske velfungerande samfunn.

Men festlig er det jo ikkje.

Det er ein grunn til at mange av oss ikkje følgjer med på alt som skjer i Stortinget frå minutt til minutt, men klikkar oss inn når vi høyrer rykte om at Jonas Gahr Støre har framført ein ufrivillig grisevits i spørjetimen. Det livar opp med ting som ikkje vanligvis skjer.

Slik er vi som skriv i avisa også. Vi liker ting som ikkje vanligvis skjer. Vi liker ikkje å kjede oss. Viss vi kjeder oss, så ser vi faktisk ofte på det som eit samfunnsproblem.

Det er derfor vi også gjerne gir uttrykk for at vi treng politikarar som er fargerike. Annleis. Uforutseielige. Og ein del andre adjektiv som vi gjerne bruker når vi prøver hardt å ikkje vere direkte nedlatande og seie rett ut at det blir litt mindre kjedelig for oss på jobb dersom Stortinget i alle fall har eit par-tre utemma karar frå distrikts-Norge med flekkar på dressjakka.

Det fører oss kanskje ikkje noko vidare som samfunn. Men det er ei fin avveksling i kvardagen.

Først publisert i Aftenposten 30. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!