Hans Kristian Åsheim Havreberg (17) imponerte alle.

Arne Frøkedal/ Grannar
Arne Frøkedal/ Grannar

Ingen over – ingen ved sida. Det var liten tvil om at junioren Hans Kristian Åsheim Havreberg frå Etne Kyokushin Karateklubb var den beste under EM i karate då han i dag vann sin klasse i KATA.

Det var ein stolt pappa og trenar, Geir Havreberg som Grannar snakka med like etter at sigeren i meisterskapen som pågår i Polen, var eit faktum.

— Dette var moro. Hans Kristian gjorde det ekstremt bra, og var den einaste som fekk ståande applaus frå publikum uansett klasse, seier han.

17-åringen er den einaste frå karateklubben i Etne som er tatt ut til å representera Noreg under EM der totalt rundt 200 deltakarar er med. Han er også den yngste i den norske landslagstroppen. I klassen der Åsheim Havreberg deltar, eldre junior, er det rundt 20 deltakarar.

Dette er Etne Kyokushin Karateklubb sitt første EM-gull i KATA. Dette er ei karateform der detaljert formasjon og rørsle i mønster står i fokus.

Seinare i dag skal den lovande karatutøvaren frå Etne delta i kamp-klasse.

Saka var først publisert i Grannar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

Kommentarar

ANNONSE