Kina seier nei til norsk oksesæd

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nei til norsk oksesæd

Norsk sædeksport er ramma av det dårlege forholdet mellom Noreg og Kina etter fredsprisutdelinga i 2010.

LES OGSÅ: Kina importerer 10.000 kyr

Store dosar sæd
– Kina er ein stort marknad der 30 millionar dosar med storfesæd vert omsett kvart år, seier administrerande direktør Sverre Bjørnstad i storfeavlorganisasjonen Geno SA til Nationen.

Sidan 2009 har dotterselskapet Geno Global deltatt i eit prøveprosjekt i Indre Mongolia i Kina, der sæd frå storferasen norsk raudt fe er blitt brukt til kryssavl med kinesiske artar. No stoppar derimot Kina prosjektet.

– Prosjektet vart anbefalt og godkjent av landbruksstyresmaktene i Kina, men vi manglar veterinærmessig godkjenning. Av ein aller annan grunn kjem vi ikkje vidare med det, men vi registrerer at det vert vist til forholdet mellom Noreg og Kina, seier Bjørnstad.

LES OGSÅ: Alle kyr får åtte veker «ferie»

Kan få tyske kyr
No har selskapet tatt kontakt med både Utanriksdepartementet og Landbruks- og matdepartementet gjennom agenten sin i Kina for å be om hjelp frå departementa til å gjenopprette det gode forholdet til kinesarane.

UD ønskjer ikkje å kommentere saka overfor Nationen, medan Landbruksdepartementet i ein e-post skriv at det kinesiske motsvaret til Mattilsynet er blitt kontakta, men førebels ikkje har gitt noko tilbakemelding.

Faren er no stor for at kinesiske bønder vel å importere sæd frå tyske oksar i staden for norske.