DNT ut mot snøscooter-politikk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DNT: – Ei krigserklæring

– Dette er ei krigserklæring mot alle som er glad i stille natur. Me er opprørt over ein ulovlig og udemokratisk prosess, seier styreleiar i DNT, Berit Kjøll, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Opnar for meir snøscooterkøyring

Meiner det er misbruk
Den Norske Turistforening (DNT), Friluftslivets Fellesorganisasjon (FRIFO) og Virke har sendt eit klagebrev til Sivilombodsmannen.

Klagarane meiner at Miljøverndepartementet misbruker forsøksordninga og heller må få på plass ei endring i motorferdsellova, om dei vil opne opp for at alle kommunar kan ha snøscooterløyper.

Dei raudgrøne opna tidlegare i år for at 40 norske kommunar kunne bli med i forsøksordninga med fornøyelseskøyring på snøscooter. Det er ei utviding av forsøket frå 2001, der åtte kommunar var med.

LES OGSÅ: Ungdom vil ha meir scooter-politi

– Eit frislepp
Det er i dag over 70.000 registrerte snøscooterar i Noreg.

Førre veke gjekk det ut ei pressemelding frå Miljøverndepartementet om at alle dei 105 kommunane som har søkt om å vere med i forsøket med fornøyelseskøyring får høve til dette.

Miljøvernminister Tine Sundtoft (H) fortalde at dei allereie er i gang med å utvide forsøksordninga.

– Me nærmar oss det talet på kommunar som har snø om vinteren i dette landet. Dette er ikkje lenger ei forsøksordning, men eit frislepp for snøscooterkøyring for fornøyelsens skuld, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas, til Aftenposten.no.

Kommunal- og regionaldepartementet, som saman med Miljøverndepartementet har mottatt klagebrevet, ville ikkje kommentere saka tysdag og viser til Sivilombudsmannen som skal behandle klaga.

Twitter-aksjon
Generalsekretær Kjøll peikar på at det i dagens hektiske samfunn er viktig å kunne kome til stille og roleg natur.
– Det handlar om eit verdival, nemlig å sleppe støy. 75 prosent av folket har sagt at dei ikkje ynskjer meir motorisert ferdsel i naturen. Eit frislepp av snøscooterkøyring vil gjere det uråd å oppleva stille natur, seier Kjøll i pressemeldinga.

I tillegg til klagebrevet har dei teke initiativ til oppropet Si JA til #stillenatur. I skrivande stund har over 1.900 skrive under.

Merkelappen #stillenatur er òg mellom dei mest nytta hjå norske Twitter-brukarar i dag.